Heile landet vil bruke ålesundsverktøy for psykisk helse

Skolar og barnehagar i heile landet har tatt i bruk opplæringsmateriell om helse og livsmeistring som er utarbeidd av Ålesund kommune. No skal det forskast på effekten av folkehelseprosjektet.

Kvinne i orange genser framfor pc - Klikk for stort bileteSiv Katrin Ulla Hagala, prosjektleiar for Folkehelseprogrammet i Møre og Romsdal, syns det er flott at Folkehelseprogrammet er med og finansierer eit tiltak som når ut til heile landet. Møre og Romsdal fylkeskommune

I 2020 etablerte Ålesund kommune Livet&Sånn, ei opplæringspakke for folkehelse og livsmeistring, med solid støtte frå Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid, tildelt gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune. På desse få åra har programmet blitt tatt i bruk nasjonalt, heilt utan marknadsføring.

No vil fylkeskommunen evaluere prosjektet, blant anna for å finne ut korleis det bidrar til betre psykisk helse og livskvalitet – og for å kunne utvikle det populære tiltaket vidare. Det er løyvd tre mill. kr til forskingsprosjektet, og Proba AS, i lag med Folkehelseinstituttet (FHI), har fått i oppdrag å sette i gang evalueringa.

Siv Katrin Ulla Hagala, prosjektleiar for Folkehelseprogrammet i Møre og Romsdal, er stolt av å kunne vere med å finansiere tiltaket.

- Vi syns det er flott at Folkehelseprogrammet i Møre og Romsdal er med og finansierer eit tiltak som har potensiale til å nå ut til heile landet og som det no skal forskast på.

Ho meiner saka syner kor viktig det er med statleg finansiering i ei krevjande økonomisk tid.

- Med Folkehelseprogrammet får kommunane midlar til å drive kunnskapsbasert utvikling som kjem alle til gode. Suksessen Livet&Sånn opplever er ei skikkeleg gladsak, seiar ho.

Populær opplæringspakke

Kvinne med langt hår i orange jakke - Klikk for stort bileteAnne-Hilde Lystad som er prosjektleiar for Livet&sånn, meiner evalueringa vil kunne bidra til eit endå betre prosjekt. Ålesund kommune

Livet&sånn er lagt opp som ei stor opplæringspakke på ei open nettside. Innhaldet er laga og kvalitetssikra av fagfolk og dekker heile spennet frå barnehage til 10. klasse. Den er lett å bruke, for både elevar, foreldre, skole og barnehage. Her finn dei stoff om alt frå følelsar, kropp, sjølvfølelse og mobbing.

Anne-Hilde Lystad, som er prosjektleiar for tiltaket i Ålesund kommune, meiner at evalueringa vil bidra til eit enda betre produkt. Når materiellet på sida stadig veks, og fleire brukar verktøya, er det dessutan behov for kvalitetssikring og evaluering.

- Det er svært mange som har oppdaga og teke i bruk Livet&Sånn i barnehagar og skular rundt i landet. Det tyder jo på at vi har laga noko som fungerer godt i bruk. No ser vi fram til å samarbeide med forskarane framover og forhåpentlegvis får vi kunnskap som gjer at vi kan lage dette enno betre for barn, unge og vaksne.

Avdekke erfaringar

I desse dagar er det avspark for forskingsprosjektet. Proba AS og Folkehelseinstituttet ønsker å finne ut meir om korleis programmet blir brukt og erfaringane med det, men også korleis det er forankra i kommunane.

-  Det vert gjort mykje godt folkehelsearbeid i norske kommunar, men ofte vert ikkje dette evaluert. Verdien av å evaluere Livet&Sånn er at ein kan bidra med kunnskap og dokumentasjon som kan brukast til vidareutvikling av sjølve programmet, men også grunnlag for andre kommunar som eventuelt vurderer å ta programmet i bruk, seier Arnfinn Helleve som er forskar i FHI.