| Ane Martha | Ane Martha Hessholm vaks opp på siste
halvdel av 1800-talet i eit kyst- og losmiljø på Bjørnsund og Hessholmen, og
valde eigen veg då ho nekta å ta over etter mora og rømde for å skape seg eit
liv på eiga hand. Ho starta som hushjelp, men fekk etterkvart ansvar og blei leiar i eit
internasjonalt konsern. Ho er eit eksempel på mot, sjølvstende og
tilknyting til kysten. |
| Hustad Viking | Samansett av Hustad og Viking, viking
kan assosierast med både styrke, råskap og utferdstrong. |
| Hustadvik | Namnet er ein variant av Hustadvika. |
| Håsund | Håsund er namnet på det gamle innløpet
til Harøysund hamn før det kom molo. Båten skal ligge i Håsundet, og skolen
har adresse Håsundvegen. |
| Kjellå | Kjellå=kvinne (dialekt). Kvinnenamn på
båtar skulle beskytte mot ulykke. |
| Ole | Ole Martinussen Teistklubb var berre 19
år då han revolusjonerte sildegarnfisket ved å utvikle ei løysing der garna
blei halde i rett djupn med tau festa i ein kabel med blåser. Det første
forsøket i november 1896 gav stor fangst, og på få dagar tok fiskarar frå
Sunnmøre og Romsdal metoden i bruk. |
| Tiro | Den førre skolebåten het «Tiro», som er
latin og betyr elev/lærling/rekrutt. |