Ungdomspanelet vil har med seg deltakarar frå organisasjonar og lag på Ungdommens fylkesting. Frå venstre Nora Brevik, Noah Arntsen, Mads Harstad, Kasper Dalhaug, Lisa Roald, Rikke Frilund, Magnus Smørdal, Iver Aarebrot, Kenni Dogbey, Ida Fjerstad, Linda Mordal, Kristine Dimmen, Nikola Bileska.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Det vedtok fylkestinget måndag, som einstemmig fulgte Ungdommens fylkesting si innstilling.
Dei ni faste medlemmene er:
- Magnus Smørdal, Molde, leiar
- Iver Aarebrot, Haram, nestleiar
- Ida Fjerstad, Kristiansund
- Linda Mordal, Hustadvika
- Lisa Roald, Giske
- Mads Harstad, Kristiansund
- Nikola Bileska, Averøy
- Kristine Dimmen (Ola Orset vart valt, men har fått permisjon ut perioden. Dimmen er 1. vara og tar plassen til Orset)
- Kasper Dalhaug, Volda
Ungdommens fylkesting vedtok i mars i år UNG Stemme; eit ungdomspolitisk program for Møre og Romsdal. UNG Stemme bestemmer ei ramme og ein visjon for den politikken unge i Møre og Romsdal ønsker å få gjennom både regionalt, kommunalt og nasjonalt. Ungdom frå heile Møre og Romsdal fått uttale seg om kva saker som er viktigast for seg, og kva visjonar dei har for fylket i perioden.
I samband med valet av nytt ungdomspanel, delte medlemmene ut UNG Stemme til politikarane på fylkestinget. Du kan laste ned UNG Stemme her.
Ungdomspanelet er eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom.
Leiar Magnus Smørdal var blant ungdommane som delte ut UNG Stemme til fylkestingspolitikarane.
Per-Kristian Bratteng