Herøy er årets ungdomsråd i Møre og Romsdal

Herøy ungdomsråd er kåra til årets ungdomsråd i Møre og Romsdal. Prisen blei delt ut laurdag under Ungdommens fylkesting i Molde.

Gut og jente tar imot prisen. - Klikk for stort bileteMarkus Sævik Ervik og Luna Remøy Aurvåg frå Herøy ungdomsråd tok imot prisen. Anna Lianes

Herøy ungdomsråd fekk 10.000 kroner til vidare arbeid for barn og unge, og eit diplom. I tillegg vil ungdommens fylkesråd under eitt av sine møte besøke ungdomsrådet.

Herøy blei stemt fram av ungdommens fylkesting i konkurranse med Averøy og Smøla ungdomsråd.

Ungdomsrådet skil seg ut med solid arbeid for medverknad, møteplassar og eit mangfaldig fritidstilbod for ungdom i kommunen. I nominasjonen trekker ordføraren i Herøy fram at ungdomsrådet er synleg, aktivt og tett integrert i både politiske og administrative prosessar. Rådet blir tidleg involvert i saker som gjeld barn og unge, deltek på budsjettkonferansar og opplever at dei blir lytta til i kommunestyret.

Etablert medverknad

Ungdomsrådet har etablert gode kanalar for medverknad gjennom sosiale medium, spørjeundersøkingar og opne møte. Etter samanslåinga av dei to ungdomsskulane har rådet bidrege til å gjere Fritidsklubben UFO meir tilgjengeleg ved å justere opningstider etter bussavgangar og seinare etter ønske frå ungdomane. Dei har òg vore medarrangørar for nattcup i fotball, drive-in kino og ei stor ungdomskonferanse der om lag 400 elevar deltok.

Imponerande evne

Rådet har i tillegg ein imponerande evne til å hente inn midlar. I løpet av det siste året har dei fått tildelt fleire hundre tusen kroner til prosjekt som styrker tilbodet for ungdom. Dette omfattar eit nytt stylingrom på fritidsklubben, gamingrom med fem datamaskiner og aktivitetar knytt til psykisk helse. Medlemmene er også aktive på fritidsklubben, i MOT, i prosjektgrupper og som unge arrangørar på kommunale og regionale tiltak.

Herøy ungdomsråd får òg ros for innsatsen med «Bli kjent på tvers»-dagen for kommande ungdomsskuleelevar, der aktivitetar som padling, rebus, konkurransar og felles grilling bidrog til å skape fellesskap og tryggleik før skulestart.

Prisen Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal blir delt ut av ungdommens fylkesting og går til eit råd som har lagt til rette for medverknad, skapt møteplassar eller bidrege til eit allsidig fritidstilbod for ungdom.