Historiske «Tafjord» øydelagd i brann på fartøyvernsenter

To historiske fartøy gjekk natt til torsdag tapt i ein stor brann ved Hardanger fartøyvernsenter. Eit av dei er MB «Tafjord» med opphav i Møre og Romsdal.

Båt ved kai. - Klikk for stort bileteMB «Tafjord» ved kai ved Hardanger fartøyvernsenter. Bildet er frå september 2024. Ove Inge Skylstad

MS «Jøsenfjord» og MB «Tafjord» er begge totalskadde i brannen. MY «Faun» fekk mindre skadar. Riksantikvar Hanna Geiran omtalar hendinga som «ei svart natt for fartøyvernet».

Også ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vart meldinga om brannen tatt i mot med tristheit.

– «Tafjord» var eit fartøy med stor kulturhistorisk betydning for Møre og Romsdal og spesielt Tafjord og Storfjorden. Det er frykteleg trist at båten vart øydelagt i brannen, seier seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv, Hilde Arna Tokle Yri. 

Ho fortel at blant dei verna fartøya er det eitt freda i Møre og Romsdal, MF «Bilfergen» fra 1921, som ligg i Ålesund.

– MB «Tafjord» skulle bli det neste, som ein god representant for rute- og skyssbåtar i Noreg. Målet var at «Tafjord» skulle vere ferdig restaurert i 2027 til båten sitt hundreårsjubileum, og no ved inngangen til 2026 var det tyngste restaureringsarbeidet ferdig.

MB «Tafjord» er eigd av MB Tafjord AS i Valldal og var i ferd med å bli ferdig restaurert etter fleire år ved fartøyvernsenteret. Båten vart bygd på Vestnes i 1927 og hadde ei nøkkelrolle i rutetrafikken i den veglause bygda Tafjord. Ho vart nytta til alt frå kyrkjeskyss til isbryting, og fekk stor symbolverdi etter Tafjord-ulukka i 1934, då skredet og tsunamien tok 40 liv. «Tafjord» vart då kasta 60 meter opp på land – men vart ikkje øydelagd.

Etter tidlegare periodar som fritidsbåt kom fartøyet til Hardanger fartøyvernsenter i 2016/2017. Restaureringa nærma seg no slutten, etter fleire millionar kroner i offentlege tilskot. Blant dei som har bidrege, er Møre og Romsdal fylkeskommune, som i perioden 2021-2025 løyvde nærmare 8 millionar kroner til restaureringa.

Brannen rammar eit av dei mest erfarne fagmiljøa for tradisjonelt båtbyggjararbeid i Norden.

På nettsidene til Norsk forening for fartøyvern kan du lese meir om MB «Tafjord».

Tafjord-ulukka i 1934: «Tafjord» vart kasta 60 meter opp på land. - Klikk for stort bileteTafjord Ukjent/Riksantikvaren