Hjelper kommunane med bustadpolitiske planar

Møre og Romsdal fylkeskommune vil samle kunnskap og innsikt om bustadpolitikk, og la kommunar bruke det i si politikkutforming.

Boligar. - Klikk for stort bileteKommunane får hjelp med å utarbeide bustadpolitiske planar. Bildet er frå Ulsteinvik. Per-Kristian Bratteng

Tysdag 20. mai blir kommunane invitert til eit webinar for å sjå kva som kan bli lagt til rette for kommunane frå fylkeskommunen si side, dei kan stille spørsmål, men også komme med innspel til kva kunnskapsgrunnlaget bør innehalde.

Ein bustadpolitisk plan er eit strategisk dokument som kommunar brukar for å planlegge og styre bustadutviklinga i ulike delar av kommunen. Planen skal sikre at det finst nok bustadar som møter behova til innbyggjarane, både no og i åra framover.

I det timelange webinaret vil leiar i Panda Analyse vise ein modell dei har utvikla for å lage prognosar for framtidig bustadbehov og etterspørsel basert på forventa demografisk utvikling. 

– Møre og Romsdal vil nytte denne modellen, kople han til anna datagrunnlag, og har som målsetting å levere eit samla kunnskapsgrunnlag som kommunane kan nytte i si politikkutforming, seier plansjef Ingunn Bekken Sjåholm.

I webinaret vil Jomar Sæterøy Maridal frå Panda analyse og Even Tranmæl og Paul Magne Eidhammer frå Møre og Romsdal fylkeskommune fortelje om arbeidet med kunnskapsgrunnlaget. Dei vil vise kva kunnskap den nye Pandamodulen kan gi, og gi døme på kart og statistikk som vil bli lagt til rette for kommunane. 

Ein kan melde seg på webinaret via Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider. Påmeldingsfrist: 16. mai.