Hotel Union Geiranger AS er Årets bedrift 2023

Hotel Union Geiranger AS får fylkesprisen Årets bedrift 2023. Prisen får dei blant anna for å ha skapt fleire heilårs arbeidsplassar.

Bygning - Klikk for stort bileteHotel Union Geiranger. Hotel Union Geiranger.

Det var eit einstemmig kompetanse- og næringsutval som fredag vedtok å gi Stranda-verksemda utmerkinga.

Leiar av kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, seier det er ein verdig vinnar av prisen:

– Bedrifta har gått frå å vere sesongopent til tilnærma heilårsdrift, noko som har resultert i fleire heilårs arbeidsplassar ved hotellet og som vidare har resultert i tilflytting til området. Med sine 72 tilsette i 2022 er bedrifta svært viktig for Geiranger som har berre 230 innbyggjarar, seier Stenseth.

Utvalet peikar og på at Hotel Union Geiranger tar ei rolle for å få fleire til å jobbe i reiselivsbransjen:

– Hotellet er ei viktig lærebedrift, har eit godt samarbeid med utdanningsinstitusjonane for mottak av lærlingar og har per i dag tre lærlingar, seier Stenseth.

Prisen blir delt ut på fylkestinget 22. april.

 

Desse har tidlegare blitt kåra til Årets bedrift:

ÅrVerksemdKommune
2022MMC First Process ASHerøy
2021Nansen Polar Expeditions ASSmøla
2020Norsol ASTingvoll
2019Aas Mek. Verksted ASVestnes
2018Pipelife Norge ASSurnadal
2017Volda Maskin ASVolda
2016Tingvollost ASTingvoll
2015Slettvoll Møbler ASStranda
2014Ulmatec Pyro ASHaram
2013Rindalslist ASRindal
2012Kleven ASUlstein
2011Arvid Gjerde ASRauma
2010Gjøco ASGjemnes
2009Saferoad ASØrsta
2008Odim ASHareid
2007Brunvoll ASMolde
2006Haugen Bok ASVolda
2005GC Rieber Oils ASKristiansund
2004Hydro Aluminium ASSunndal
2003Hustadmarmor ASFræna
2002Berg Jacobsen Gruppen ASMolde
2001I.P. Huse ASSandøy
2000Ekornes ASASykkylven
1999Maritech ASAverøy
1998Bussbygg ASMolde
1997UlsteinkonsernetUlstein
1996AS OlivinVanylven