I startgropa med Sirkulære Sunndal

Torstein Ottem sine utviklingsplanar kan være akkurat det som skal til for å komme i gang med Sirkulære Sunndal.

Bilde av ein Torstein Ottem. - Klikk for stort bileteTorstein Ottem. Bildet er tatt i mai 2022. Per-Kristian Bratteng

I Sunndal blir det no jobba for å etablere ein sirkulær verdikjede som i første omgang handlar om bygging av ein pyrolysefabrikk/biokarbonanlegg (Ottem BioCarbon) og biogassanlegg (Ductor) på Håsøran på Sunndalsøra.

Nyleg var næringslivet i Sunndal samla til eit to dagar langt samskapingsmøte der målet var å få fram perspektiv, utfordringar og moglegheiter for prosjektet Sirkulære Sunndal.

Blant innleiarane var eigar og leiar av Ottem-gruppen på Sunndalsøra, Torstein Ottem. Konsernet driv blant anna Ottem Transport AS, Ottem Resirk AS og Ottem Gjenvinning AS, har til saman 104 tilsette på sine åtte verksemder og har ei omsetting på ca. 210 mill. kroner.

Planlegg oppstart i 2026

Torstein Ottem fortalte om planane for Ottem BioCarbon AS, som dei tenker å starte opp første halvår i 2026. Dei forventar 15 tilsette og 20 eksterne årsverk.

Bilde av Torstein Ottem. - Klikk for stort bileteTorstein Ottem på samskapingsmøtet på Sunndalsøra. Per-Kristian Bratteng

– Målsettinga er framleis at prosjektet skal bidra inn i Sirkulære Sunndal, og at vi skal drifte fossilfritt i 2030, sa Ottem til næringskollegaer, før han vart meir konkret om kva dei skal gjere:

– Vi har planar for handtering av inntil 50.000 tonn med avfallstrevirke og inntil 10.000 tonn impregnert trevirke. Materialet skal hentast frå eit geografisk område med radius 150 km. frå Sunndalsøra, og med nullutslepp-transport. Med bruk av pyrolyse vil sluttproduktet vere biokarbon og energi i form av varmvatn, damp og bioolje. Metallurgisk industri vil vere kunde for biokarbonet, mens den planlagde biogassfabrikken ved sidan av i Industrivegen på Sunndal – Ductor Sunndal AS – sitt produksjonsanlegg for biogass og gjødsel, skal nytte varmvatnet. I tillegg tenker vi på eventuell eigenprodusert varme og straum, opplyste Ottem.

Snart i mål med teknologien

Når vi snakkar med Ottem i ein pause, seier han at dei ønsker å få til ei samspel med biogassfabrikken. Derfor har det dratt ut i tid med å gå i gang, og teknologien har ikkje vore heilt moden.

Bilde av Torstein Ottem. - Klikk for stort bileteTorstein Ottem på samskapingsmøtet på Sunndalsøra. Per-Kristian Bratteng

– Det at det har tatt lengre tid, har eigentleg vore berre positivt, for det har gitt oss meir tid til å jobbe med teknologien, og der begynner vi jo eigentleg å komme i mål.

– Eit av hindra for å kome i mål med ein industriell symbiose er å få nokon til å gå først. Er du villig til å gå først?

– Ja, det er ikkje pengane det står på, men vi kan sjølvsagt ikkje gå konkurs, ler Ottem, og legg til meir alvorleg: – Det må vere ein sunn økonomi i prosjektet.

Ottem har trua på Sirkulære Sunndal

Ottem har stor tru på Sirkulære Sunndal og at næringslivet møtast til samskapingsmøte og deler informasjon. Det vil gjere andre betre.

– Vi må oppmode til meir gjenbruk, resirkulasjon og ikkje minst utveksling av avfall eller biprodukt, som er et råstoff til den andre. Det same med energistraumen; har du eit overskot, så kanskje naboen kan bruke det? Alt her er jo symbiosar. Og ikkje minst arbeidskrafta: Kanskje kan vi jobbe for fleire, også?

Gruppebilde av deltakarar. - Klikk for stort bileteDeltakarane på samskapingsmøtet på Sunndalsøra. Per-Kristian Bratteng

Møre og Romsdal fylkeskommune  har løyvd midlar til Sirkulære Sunndal, eit forprosjekt for å utvikle industrielle symbiosar. Gjennom omstillingsprogrammet Skaparkraft har Sirkulære Sunndal fått løyvd ein million kroner til å gjennomføre prosjektet.

– Her har vi ein stor aktør som har eigarskap til Sirkulære Sunndal. Det er alfa og omega for å lykkast, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Grønt industriløft

Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge har starta prosjektet Grønt industriløft Møre og Romsdal. Saman med sentrale næringsaktørar skal dei finne ut korleis næringslivet i regionen skal ta ei leiande rolle i den grøne omstillinga. Sirkulære Sunndal kan vere eit eksempel på ei satsing i Grønt industriløft Møre og Romsdal.

Målet med Grønt industriløft Møre og Romsdal er:

  • Styrke grøne og sirkulære prosjekt som har stort vekst- og skaleringspotensial
  • Akselerere den grøne omstillinga i næringslivet i Møre og Romsdal
  • Vere ein katalysator for framvekst av grøne verdikjeder på tvers av sektorar