Idrettsstipend til Ingeborg Synstnes Hole, Sigve Holten og Møre karateklubb

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt idrettsstipend til utøvarane Ingeborg Synstnes Hole frå Åndalsnes IF og Sigve Holten frå Surnadal IL. Møre karateklubb får årets klubbstipend. 

- Vi gratulerer dei tre mottakarane så mykje, og håper stipenda vil hjelpe dei til å nå nye mål i idrettssatsinga si, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Alle stipenda er på 50 000 kroner kvar.

Høgt nivå på kandidatane  

Ingeborg Synstnes Hole er 18 år gamal og representerer Åndalsnes idrettsforening. Ho driv med både langrenn, mellomdistanseløping og motbakkeløping. Ho går i dag på langrennslinja på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer der ho har eitt år igjen. Ingeborg er fire gongar juniorverdsmeister i motbakkeløp, seinast i 2024. Ho kom på 6. plass på 20 km fellesstart i junior-VM i langrenn i 2025. Ho kom på 2. plass i klassa for 18-åringar i norgescupen i 2025, og 1. plass i klassa for 17-åringar i 2024. Ingeborg har mål om å delta og prestere i OL og VM som langrennsløpar etter kvart. Stipendet vil ho bruke til å kjøpe utstyr og dekke reisekostnadar knytt til konkurransar.

Sigve Holten er 17 år og driv med kastøvingane i friidrett: diskos; slegge og kulestøyt. I 2023 vann Sigve ungdomsmeisterskapen i friidrett (tilsvarande NM for yngre utøvarar) alle dei tre kastøvingane, i 2024 vann han i kulestøyt og diskos og tok sølv i slegge. Han har også vunne den internasjonale konkurransen Världsungdomsspelen i Gøteborg i kulestøyt. Sigve har på sikt mål om å hevde seg i toppen internasjonalt i ein av dei tre kastøvingane, og det betyr finaleplass i EM, VM eller OL. Sigve vil bruke stipendet på å dekke kostnadar med konkurransar og samlingar, og til innkjøp av utstyr.

Møre karateklubb vart stifta i Tresfjord i 1988, men flytta til Ålesund i 2020. Klubben har rundt 100 medlemmar i alderen 8 år til godt vaksne. Klubben deltar på treningssamlingar og konkurransar i både inn- og utland, har utøvarar i toppen nasjonalt og på rekruttlandslag, og deltakarar i VM i 2025. Dei arrangerer også regionale stemne, inkluderingstiltak, og har gratis utlån av utstyr til medlemmane. Møre karateklubb viser til sunn økonomi og stabil medlemsvekst. Klubben ønsker å bruke stipendet til å gjennomføre leiarkurs for ungdom, trenarkurs for ungdom og vaksne, treningsleir for instruktørar, og utstyr til dojoen der dei hell til i Ålesund sentrum.

Mange kvalifiserte søkarar

Idrettsstipendet skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 16-23 år som kan vise til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året. Dei skal også vise til gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg ønsker fylkespolitikarane å støtte opp om ein klubb som viser høgt aktivitetsnivå og god drift.
Stipendtildelingane viser eit mangfald av idrettsaktivitetar som framhevar utøvarar som gjer det godt i sine idrettar. 

- Det er gledeleg at vi har mange ambisiøse idrettsutøvarar med veldig gode prestasjonar frå fylket vårt. Det kostar mykje å satse på toppidrett i form av mellom anna utstyr og reiser. Og vi har mange veldrivne klubbar som både løfter breidda og toppen, og vi skulle gjerne ha gitt stipend til enda fleire, seier Gärtner.