Full sal på folkemøte om Finnøybrua.
Else Britt Ervik
Bakgrunnen for arbeidet er at dagens bru på fylkesveg 659, bygd i 1971, er i svært dårleg forfatning. Korrosjon og svekka bereevne gjer at brua må erstattast, og ei ny løysing må byggast etter dagens krav. Det må takast omsyn til havnivåstiging og framtidige stormfloepisodar.
Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ragnhild Holen Relling, fortalde om framdrifta i planlegginga.
- Utbytting av dagens bru har høg prioritet i fylkeskommunen. Vi må sikre ei trygg og framtidsretta løysing for både fastbuande, næringsliv og beredskap. Difor er det viktig for oss å få innspel frå lokalsamfunnet tidleg.
Planområdet strekker seg frå Litle Straumskjeret i sørvest til Straumskjeret i nordaust.
- Forslaget til detaljregulering vart lagt ut til offentleg høyring etter vedtak i planutvalet 16. desember 2025, sa planprosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Per Gunnar Løset.
Saman med Relling presenterte han både tekniske vurderingar, mogleg trase, og korleis anleggsperioden kan påverke lokalmiljøet. Det blei mellom anna forklart korleis trafikkavvikling er tenkt og antyda forslag til kor ein kan anlegge riggområde. Oskar Vikman frå Ålesund kommune presenterte planprosessen, og korleis ein kan gje innspel til denne. Det er ein del av det førebuande arbeidet til bygging. Frist for å gi innspel til plana er 14. februar.
Ser fram til tryggare ferdsel med ny bru
Engasjementet i salen tyda på at mange ønsker å bidra i prosessen for å få på plass brua snarast mogleg. Prosjektet har ei høgare kostnadsramme enn tidlegare estimert, og er ikkje fullfinansiert pr i dag.
Kommunen og fylkeskommunen lova tett dialog vidare, og fleire uttrykte bekymring for dagens situasjon og at dei såg fram til tryggare ferdsel med ny bru for øysamfunnet i åra som kjem.
Ragnhild Holen Relling er prosjektleiar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Else Britt Ervik