– Ingen ting slår kjeldesortering

Kjeldesortering av avfallet gir store miljøgevinstar.

– Vi har slutta å sjå avfall som søppel – det er jo ein ressurs som kan utnyttast. Ingenting slår kjeldesortering i å få verdiar ut av avfallet, seier Arne Buseth, rådgivar i Romsdalshalvøya interkommunale Renovasjonsselskap.

I ein film som Møre og Romsdal fylkeskommune har produsert, fortel han om kva som skjer med det sorterte avfallet og restavfallet vi leverer frå oss. Og han slår i hel myten om at det ikkje er noko poeng i å kjeldesortere, ettersom alt blir slått saman i ein binge uansett:

– Folk kan vere heilt trygge på at det sorterte avfallet ikkje blir «rota saman» her på anlegget, seier Buset.

Han har ei klar oppmoding til folk: – Ta ut meir av restavfallet. Analyser som vi gjer viser at mesteparten av det som hamnar i restavfallsdunken kunne vore sortert ut og utnytta.

I filmen får vi sjå at dei ulike sorterte avfallstypane blir handtert for seg, og blir nytta som ressurs for nye produkt. Det blir bygd ettersorteringsanlegg for restavfall, men det er ingen ting som slår kjeldesortering når det gjeld å få verdiar ut av avfallet.

Miljøfyrtårn reknar at eitt kilo restavfall produserer ti gonger så mykje CO2 som eitt kilo sortert avfall.