Inngår avtale om forvalting av kraft

Møre og Romsdal fylkeskommune inngår avtale med Wattn AS om forvalting av kraft til 577 målepunkt eigd av fylkeskommunen.

To kvinner ved eit bord. - Klikk for stort bileteFylkeskommunedirektør Toril Hovdenak og Camilla Blom, som er leiar bedriftsmarknad i Wattn AS. Per-Kristian Bratteng

Avtalen gjeld for fire år frå 1. juni 2024, med opsjon på forlenging på inntil fire nye år.

Formålet med oppdraget som Wattn AS er tildelt gjennom ein anbodskonkurranse, er å optimalisere forvaltinga av elektrisk energi for fylkeskommunen sine verksemder. Dei 577 målepunkta utgjer i underkant av 38 GWh. Verdi på kontrakten vart i kunngjeringa av anbodskonkurransen estimert til åtte millionar kroner eks. mva.

Wattn AS har også før 1. juni vore leverandør av dei same tenestene.

Straumverksemda Wattn AS er skapt og eigd av TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft. Wattn har om lag 50 tilsette fordelt på kontor i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta, Stryn, Vik i Sogn, Stranda og Kvinnherad.