Den 40 kilometer lange Nordøyvegen, fylkesveg 659
Frida Lisa Nedrebø
Avtalane gjeld frå juni 2025 til juni 2027, med opsjon om forlenging til 2029.
Fylkesvegnettet i Møre og Romsdal strekk seg over 3.200 kilometer og omfattar tunnelar, bruer, ferjekaier og varierte vegstrekningar. Torbjørn Vatnehol er prosjektsjef i fylkeskommunen, og fortel at dei ser fram til å starte planlegginga på spanande prosjekt langs dette vegnettet.
– Vi har sikra oss solid kompetanse innanfor planlegging og prosjektering. I dei komande åra har vi fleire viktige prosjekt som vi no er godt rusta til å planlegge, seier Vatnehol.
Han påpeiker at det er eit betydeleg vedlikehaldsbehov på fylkesvegnettet, og at dei nye rammeavtalane vil bidra til å møte desse utfordringane på ein effektiv måte. Aktørane er valt basert på ei samla vurdering av pris og kvalitet, og er nokre av dei mest erfarne innan samferdselsplanlegging i Norge. Kontraktane har til saman ein verdi på inntil 250 millionar kroner.
Rammeavtalar for planlegging og prosjektering på fylkesveg er inngått med følgande leverandørar:
- Cowi AS
- Norconsult Norge AS
- Asplan Viak AS
- AAS‑Jakobsen AS
Rammeavtalar for grunnboring og laboratorietenester på fylkesveg er inngått med følgande leverandørar:
- Multiconsult Norge AS
- Pro Invenia AS
- Norconsult AS
- Rambøll Norge AS