Innovativt KI-prosjekt på kompetanse- og næringsområdet

Applikasjonsteamet ved kompetanse- og næringsavdelinga samarbeider denne veka med Ulstein vidaregåande skule om eit KI-prosjekt som skal bane veg for tryggare og meir effektiv applikasjonsforvaltning.

Dette nyskapande prosjektet, som har fått støtte frå Forskingsrådet, har som mål å forenkle og effektivisere forvaltninga av programvare i kompetanse- og næringsavdelinga. Det omfattar mellom anna programvare for alle dei 20 vidaregåande skulane i fylket, som tener nesten 9.000 elevar og over 1.700 tilsette.

Tidlegare i år etablerte Ulstein vidaregåande skule eit eige testsenter for KI med lokal maskinvare som kan køyre avanserte KI-modellar utan tilkopling til internett. Denne trygge «sandkassa» legg til rette for sikker og innovativ utforsking av kunstig intelligens. Kompetanse- og næringsavdelinga har hatt eit langt og godt samarbeid med Ulstein vgs, og det var ingen tvil om at dette samarbeidet var ein perfekt match!

Vinn-vinn for elevar og fylkeskommunen 

For elevane ved Ulstein vgs. gir prosjektet ei unik moglegheit til å få praktisk erfaring med avansert teknologi og KI. Dei får høve til å arbeide med reelle problemstillingar og bidra til utviklinga av løysingar som kan ha stor betydning for offentleg sektor. Denne erfaringa gir dei ein verdifull kompetanse innan KI, noko som er ettertrakta i både vidare utdanning og arbeidsmarknaden.

Prosjektet har også stor betydning for fylkeskommunen. God applikasjonsforvaltning sikrar at elevane sine persondata blir handtert på ein trygg og respektfull måte. Betre informasjonssikkerheit reduserer risikoen for datalekkasjar og andre tryggleiksbrot. Samstundes gir betre oversikt og kontroll over applikasjonane meir effektiv bruk av ressursar og moglegheit for å redusere kostnader.

I tillegg er dette prosjektet eit viktig steg for å auke innovasjonsevna i Møre og Romsdal. Statistikk frå Forskingsrådet viser at innbyggjarane i fylket i mindre grad enn andre fylke har engasjert seg i innovasjon. Prosjektet viser korleis fylkeskommunen kan ta ei meir aktiv rolle i innovasjon gjennom forskingsbasert utvikling og digitale løysingar.

Framtidsutsikter 

Prosjektet blir gjennomført i fleire steg, med første fase fokusert på informasjonsinnhenting. Dersom samarbeidet med Ulstein vgs. gir gode resultat, blir prosjektet vidareført med mål om å utvikle ein KI-assistent på applikasjonsforvaltingsområdet innan desember 2025. Assistenten skal kunne gi støtte til mellom anna vurdering av personvernomsyn i applikasjonane som elevane nyttar. På sikt ser applikasjonsteamet moglegheiter for å utvikle liknande KI-løysingar innan fleire fagfelt.

Appllikasjonsteamet ved kompetanse- og næringsavdelinga bidreg med fagkompetanse innan personvern og informasjonssikkerheit. Teamet består av Julie Ngai, Tore Louis Williksen, Stein Sæter (prosjektleiar). Arbeidet ved Ulstein vgs. blir leia av Sveinar Kleive med Peder Smart Sefland som ekstern konsulent.