Aktørar på campus fekk komme med innspel i møtet.
Else Britt Ervik
Prosjektet blir realisert i ein meir avgrensa versjon enn opphavleg planlagt, men fleire viktige tiltak står framleis på planen.
Nye busshaldeplassar ved E136 er viktig. Desse gir eit meir direkte samband mellom Campus Ålesund, Moa og sentrum. Samstundes er det ønskeleg at fartsgrensa i Borgundvegen redusert, og området skal leggast betre til rette for gåande og syklande.
I utgangspunktet var det planlagt miljøgate, rundkøyring ved enden av Borgundbrua og sanering av fleire kryss, sa prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Eduardo Martinez Gutierrez.
Det er ikkje rom for alle planane i budsjettet, men aktørane på campus var positive til at fleire gode tiltak blir gjennomførte.
Prioriteringar frå aktørane
Innspela frå møtet viste tydelege ønske om betre tryggleik og framkome for mjuke trafikantar. Mellom dei viktigaste innspela var:
- Redusert fartsgrense og tiltak som gjer at vegen ikkje opplevast som ei høgfartsstrekning
- Nye overgangsfelt som bind campusområdet betre saman
- Etablering av busstopp på innfartsvegen for å styrke kollektivtilbodet
- Betre belysning og vurdering av å fjerne autovern
- Endra prioritering av rundkøyring ved enden av Borgundbrua, ønske om å vente med dette tiltaket
Gutierres var fornøgd med innspela frå møtet, og meinte at dei vil gi eit godt grunnlag for det vidare arbeidet.
Det er verdifullt å høyre frå dei som brukar området kvar dag. Aktørane var særleg opptekne av ein smidigare kvardag for mjuke trafikantar, og desse perspektiva tek vi med oss vidare i prosjekteringa. Målet vårt er å finne løysingar som er gjennomførbare og som gir nytte for campusområdet, sa han.
Prosjekteringsfase og økonomiberekningar startar no opp. Målet for fylkeskommunen er byggestart i løpet av 2026. Innspela frå møtet blir ein viktig del av grunnlaget når prosjektet går vidare.
Campus Ålesund omfattar i hovudsak NTNU, NMK med leigetakarar, Fagskolen i Møre og Romsdal og Ålesund vgs. avd. Fagerlia.
Innspela blir med vidare i planlegginga av prosjektet.
Else Britt Ervik
Mange gode tiltak er foreslått i eit noko avgrensa prosjekt.
Else Britt Ervik