Alle som har søkt har fått skoleplass, totalt 9290 elevar.
Terje Aamodt
Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg gjennomført 2. gongsinntaket, og alle søkarar har no kome inn på eitt av tre utdanningsprogram som dei har søkt på.
910 har også valt å stå på venteliste dersom det dukkar opp ein annan ledig plass. Frå torsdag 7. august blei inntaket overført til dei vidaregåande skolane, som vil fylle opp ledige plassar i klasseromma fram til skolestart.
Følg med på mobilen
Maria Enstad, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, har ein tydeleg beskjed til dei som står på venteliste.
- Ta telefonen når ukjent nummer ringer deg i vekene framover. Det kan vere skolen som ringer og tilbyr deg akkurat den plassen du ønsker, seier Enstad.
Skolane opplever at fleire ikkje tar telefonen når dei ringer, sjølv om dei forsøker gjentatte gongar. Skolane må då gå vidare til nestemann på lista.
Informasjon om ventelistene ligg på skolane sine nettsider
- Vi veit at det vil vere bevegelse på klasselistene fram til skolestart, seier Enstad.
Strekk seg langt
Dette er resultatet frå 2. inntaket:
- Totalt har 9290 elevar fått skoleplass.
- 8132 elevar fekk tilbod om førsteønsket sitt. Dette er 87, 5 prosent av elevane mot 86,6 i fjor.
- 327 av søkarane takka nei til tilbod om plass.
Ifølge Enstad er det mange som skiftar meining undervegs i inntaksprosessen, og som takkar nei til førsteønsket og heller vil ha andre- eller tredjeønsket sitt.
- Vi har strekt oss langt for at alle skal få oppfylt ønska sine, og vi er svært glade for at alle har fått plass, seier seksjonsleiaren.
Plass på annan skole
Retten til skoleplass er knytt til utdanningsprogrammet eleven har søkt på, ikkje til den enkelte skolen. Kjem dei ikkje inn på utdanningsprogrammet på den skolen dei har søkt på, kan dei få tilbod på ein annan skole. I år gjeld dette 137 elevar.
Møt opp første skoledag
Det er viktig at alle elevar møter opp på skolestart for å behalde skoleplassen. Informasjon om klokkeslett og møteplass står på skolen si nettside.
Sjå karakterstatistikk
Sjå statistikk for vidaregåande opplæring
Sjå oversikt over vidaregåande skolar i fylket med lenke til nettsider.