Illustrasjonsfoto.
Ragnhild Aukan, Møre og Romsdal fylkeskommune
No innstiller fylkeskommunedirektøren på å avvikle Ocean Seaweed Centre AS (OSC) – eit forskings- og utviklingssenter for taredyrking og prosessering – med forretningskontor i Kristiansund.
Saka blir behandla først i kompetanse- og næringsutvalet fredag 15. mars, deretter i politisk eigarskapsutval 18. mars, fylkesutvalet 8. april og for endeleg avgjerd i fylkestinget 22.-24. april.
Vedtak i 2021 om etablering
Det var fylkestinget som i 2021 vedtok etablering av OSC. Det vart gjort i trua på at organisasjonsforma var best eigna til å utvikle tarenæringa i fylket. Men eit punkt i vedtaket om at OSC skal trekke inn finansielle og industrielle aktørar på eigarsida gjennom emisjon, kan innebere ein risiko i forhold til regelverket for statsstøtte. Særleg i lys av at selskapet blir føresett finansiert med tilskot/kapital frå fylkeskommunen i den første treårsperioden – to millionar kroner i året.
I ei juridisk vurdering blir det peikt på at ein offentleg aktør ikkje kan finansiere eller drive aktivitet i konkurranse med kommersielle aktørar, med mindre dette vert gjort på fullt ut kommersielle vilkår. Det økonomiske bidraget kan dermed utgjere ulovleg offentleg støtte.
Kan ikkje oppfylle føresetnadane
I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at fylkeskommunen er opptatt av å bidra til utvikling av nye næringar i fylket, og ser stort potensial i tarenæringa. Dette arbeidet kan utøvast gjennom samfunnsoppdraget og arbeidsoppgåvene til kompetanse- og næringsavdelinga i fylkeskommunen.
Men fylkeskommunedirektøren meiner føresetnadane og grunnlaget for fylkestinget sitt vedtak om etablering av selskapet ikkje kan oppfyllast, og at saka difor må ha ei ny politisk behandling.
«Sett i høve fylkeskommunen sin økonomiske situasjon og målet om at fylkeskommunen skal redusere sine eigarskap i ulike selskap, vil vi tilrå avvikling av Ocean Seaweed Centre AS», går det fram av saksframlegget.
Reduserte kostnadar
Avvikling av Ocean Seaweed Centre AS vil økonomisk medføre at fylkeskommunen får tilbakeført aksjekapital og redusert kostnadane ved at det årlege driftstilskotet på 2 mill. kroner i tre år ikkje blir utbetalt.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet fredag 15. mars 2024.