Innstiller på nedlegging av Hamnsundruta

Fylkeskommunedirektøren innstiller på å legge ned hurtigbåtruta mellom Hamnsund og Ålesund ved utløpet av dagens kontrakt 31. desember 2026.

Nedlegging av Hamnsundruta er ein del av framlegget til økonomiplan for 2026-2029, og er også ei eiga sak for samferdselsutvalet måndag 10. november.

Låg bruk, store CO2-utslepp

Bakgrunnen for nedleggingsforslaget er låg bruk, høge driftskostnadar og store CO₂-utslepp. Ruta har hatt eit gjennomsnitt på berre åtte reisande per avgang, og nær 45 prosent av turane har hatt mellom éin og fem passasjerar. I framlegget til økonomiplan går det fram at fylkeskommunen årleg sparar 25 millionar kroner med å legge ned ruta.

Hamnsundruta vart oppretta etter opninga av Nordøyvegen i 2022, og skulle erstatte den tidlegare Nordøyruta. Trass i omfattande ruteplanlegging og lokal støtte, har ikkje trafikktala vore tilfredsstillande. Fylkeskommunen peikar også på at hurtigbåt er ein kostbar og forureinande transportform, og at ei nedlegging vil kunne redusere CO₂-utsleppa med rundt 1.600 tonn årleg.

Foreslår mindre båt til Store Kalvøy

For innbyggjarane på Store Kalvøy, som i dag har eit godt kollektivtilbod via Hamnsundruta, foreslår fylkeskommunedirektøren ei mindre lokal båtrute med eit fartøy tilpassa øya sine behov.

Ved ei nedlegging vil det vere behov for å styrke busstilbodet i området. Fylkeskommunedirektøren ser føre seg ei ny bussrute frå Finnøya-Søvik-Stette-Ellingsøya-Ålesund sentrum om morgonen, med korrespondanse til ferja på Finnøya og busskorrespondanse Stette/ Moa. På ettermiddagen vil det vere behov for to bussar i retur.

Saka frå samferdselsutvalet, og saka om økonomiplan 2026-2029, skal vidare til fylkesutvalet, før endeleg vedtak i fylkestinget i desember.

Saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet måndag 10. november.