Sambandet Eidsdal-Linge. Her frå ferjekaia på Linge.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Samferdselsutvalet skal behandle saka i møtet onsdag 12. mars.
Sommartakst er føreslått fem takstsoner over taksten som gjeld til vanleg, for gratissamband fem takstsoner over taksten som gjaldt før sambandet vart gratis.
Fylkeskommunedirektøren har undersøkt moglegheita for å innføre sommartakst på alle gratissambanda i fylket, men Samferdselsdepartementet meiner sommartakst for gratissamband som ikkje har særskilte trafikale forhold, kan vere i strid med ordninga med gratis ferje. Derfor innstiller ho på å innføre sommartakst på ferjesambanda Eidsdal-Linge og Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona.
Sommartakst eller normaltakst?
Med bruk av reisedata frå AutoPass for ferje skal ein skilje mellom dei som skal betale sommartakst – turistar og tilfeldig besøkande — og dei som får uendra takst.
- Sommartakst-perioden er frå 01.05.2025 til 31.08.2025
- Oppteningsperioden startar 01.04.2025
- Grensa for opptening av reisevolum blir sett til fire reiser
Dette betyr at i sommartakst-perioden må du betale sommartakst på dei fire første reisene, rekna frå 1. april. Frå og med den femte reisa gjeld normaltakst.
Hensikta med sommartakst er å delfinansiere høgare kostnad som følgje av stor bruk (ref to ferjer på Eidsdal om sommaren) og/eller dempe trafikken for å unngå trafikale utfordringar.
Ordninga skjermar pendlarar, lokale som reiser ofte, og lokalt næringsliv.
Bakgrunnen for saka er eit vedtak i fylkestinget om å innføre turisttakst i perioden mai til august på alle gratissambanda i fylket og rute 1054 Eidsdal-Linge.
Dialog med departementet
Fylkeskommunedirektøren har hatt dialog med Samferdselsdepartementet om anledninga til å innføre sommartakst. Departementet meiner sommartakst for gratissamband kan vere i strid med ordninga med gratis ferje:
«Uten at departementet er kjent med alle rammene for ordningen fylkeskommunen legger opp til, virker det lite sannsynlig at innføring av betaling for turister i alle gratis-sambandene kan begrunnes med særlige trafikale forhold. En slik endring innført for alle gratissamband samtidig kan dermed være i strid med intensjonen med ordningen med gratis ferje», skriv departementet i eit brev til Møre og Romsdal fylkeskommune.
På bakgrunn av tilbakemeldinga frå departementet tilrår fylkeskommunedirektøren å ikkje innføre sommartakst på andre gratissamband enn Utasunds. Fylkeskommunedirektøren legg opp til å vurdere behovet år for år.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 12. mars