Innstiller på spleiselag for nytt fortau i Herøy

Fylkeskommunedirektøren innstiller på at Møre og Romsdal fylkeskommune deler kostnaden for å byggje eit 260 meter langt fortau i Fosnavåg.

Nye Nerlandsøybru-prosjektet blir avslutta like før ein krapp sving, Kleivasvingen, og derifrå manglar om lag 260 meter med fortau inn mot Fosnavåg sentrum. Herøy kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har over tid vore i dialog om utfordringane med manglande tilrettelegging for gåande og syklande på strekninga og om moglege løysingar.

bileta av veg med bru i bakgrunn. - Klikk for stort bileteKleivasvingen med nye Nerlandsøybrua i bakgrunn. Møre og Romsdal fylkeskommune

I innstillinga si skriv fylkeskommunedirektøren at totalkostnaden er om lag 8,4 millionar kroner eksklusiv meirverdiavgift, og at ho innstiller på at administrasjonen kan inngå avtale med Herøy kommune om finansiering og bygging av fortau, med 50/50-deling av kostnadene.

Det er føresett at den fylkeskommunale delen av kostnaden kan dekkast innanfor kostnadsramma for bruprosjektet.

Eit fortau er rekna som ein del av vegen, og det er dermed Møre og Romsdal fylkeskommune som skal eige og ha driftsansvar for fortauet i etterkant av bygginga.

Saka skal opp i samferdselsutvalet 11. september - her finn du saksdokumenta.

Den skal òg opp i fylkesutvalet og fylkestinget i oktober.