Innstiller på stegvis utbetring av ferjekaier på øyane

Fylkeskommunedirektøren innstiller på å gjere ei stegvis utbetring av kaiene på Småge, Finnøy, Sandøy og Ona, samt bygging av eit nytt kaianlegg på Orta.

Saka skal opp i samferdselsutvalet 5.- 6. mai. 

Orta ferjekai: Fylkeskommunedirektøren innstiller på nytt kaianlegg på Orta. Møre og Romsdal fylkeskommune

– Med denne strategien legg vi til rette for vidare drift i ferjesambandet Småge–Orta–Finnøya–Sandøya–Ona fram mot 2040. Vi balanserer behovet for investeringar med omsynet til økonomisk handlingsrom og framtidig fleksibilitet, skriv fylkeskommunedirektøren i innstillinga.

Kaiene er mellom 41 og 52 år gamle og treng omfattande oppgradering for å sikre trygg og stabil drift i åra som kjem. Den valde strategien inneber ein samla estimert investeringskostnad på om lag 285 millionar kroner i perioden 2026-2031. Etter 2040 vil det kunne bli behov for ytterlegare utbetringar, med ein estimert kostnad på 300 millionar kroner.

Fylkeskommunedirektøren ønskjer med andre ord å gjennomføre tiltak for å forlenge levetida på dei eksisterande kaiene til rundt 2040, i staden for å gjennomføre ei full utbygging av alle kaianlegga med 50 års levetid,  som har ein estimert kostnad på om lag 500 millionar kroner. 

Å velje denne utbetringsstrategien inneber at dagens ferjestorleik og kapasitet blir vidareført, noko som er vurdert som tilstrekkeleg, med unntak av enkelte sommarperiodar med auka trafikk. Strategien gir også FRAM grunnlag for å planlegge neste ferjekontrakt frå 2029, og sikrar samferdselstilbodet for fastbuande og næringsliv i øyregionen.

I tillegg til teknisk forfall, er det avdekt spørsmål kring eigarskap for ferjekaia på Orta, som ikkje er knytt til fylkesveg. Fylkeskommunen vil gå i dialog med Aukra kommune for å avklare ansvaret for anlegget.

Fylkeskommunedirektøren understrekar at økonomien i sektoren krev prioritering. 

– Vi står overfor store utfordringar med vedlikehald av både bruer, tunnelar og kaier. Denne strategien gir oss handlingsrom, samtidig som vi tek ansvar for å halde oppe eit viktig transporttilbod for folk og næringsliv, skriv fylkeskommunedirektøren i innstillinga.

Heile saksframlegget finn du her.