Inntaket klart: 9117 elevar har fått skoleplass

Andregongsinntaket til vidaregåande er no gjennomført, og 9117 har fått skoleplass.

Elevar foran pc i klasserom - Klikk for stort bilete9117 elevar startar på vidaregåande skole i neste veke. Terje Aamodt

Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg gjennomført 2. gongsinntaket og sørga for at alle som stod på venteliste tidlegare i sommar no har fått plass på vidaregåande skole.

-Vi har strekt oss langt for at alle skal få oppfylt ønska sine, seier Maria Enstad, seksjonsleiar for inntak i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Søkarane har rett til å få oppfylt eit av tre ønske. I år fekk 7895 elevar tilbod om førsteønsket sitt, som er noko lavare enn i fjor. Dette er 86,6 prosent av elevane mot 88,5 i fjor.  328 av søkarane takka i år nei til tilbod om plass.

Enstad peikar på at det er mange som skiftar meining undervegs i inntaksprosessen, og som både takkar nei til førsteønsket, og eller heller vil ha andre- eller tredjeønsket sitt. 

Venteliste på skolane

Dei som ikkje har fått førsteønsket sitt, kan velje å stå på venteliste. Totalt er det no 963 elevar som står på venteliste. Frå og med torsdag 8. august er det dei 20 vidaregåande skolane sjølve som administrerer desse. Dei må prioritere søkarar på Vigos venteliste, som er basert på søkinga i mars, deretter kan dei begynne på sine eigne lister.

-Vi veit at det fram til skolestart vil vere bevegelse på desse listene, slik at kabalen enno ikkje er lagt. Informasjon om dei lokale ventelistene finn de på skolane sine nettsider, seier Enstad. 

Rett til utdanningstilbod

Retten til skoleplass er knytt til programfaget eleven har søkt på, ikkje til den enkelte skolen. Kjem dei ikkje inn på programfaget på den skolen dei søker på, kan dei få tilbod om det same programfaget på ein annan skole. I år gjeld dette 144 elevar.

Møt opp første skoledag

Det er viktig at alle elevar møter på skolen til skolestart der dei har fått tilbod om skoleplass. Elevar som ikkje møter opp, mistar tilbodet, og plassen går vidare til andre søkarar.  Informasjon om klokkeslett og kvar eleven skal møte opp første skoledag finn han eller ho på skolen si nettside.

Sjå karakterstistikk

Sjå inntaksstatistikk per skole og utdanningsprogram

Sjå oversikt over vidaregåande skolar i fylket med lenke til nettsider.