Dersom takstane ikkje blir justert, vil prosjektet mangle om lag 620 millionar kroner. Det kan føre til fem års lengre innkrevjingstid og at fylkeskommunen sitt garantiansvar blir utløyst, noko som vil vere uheldig for den fylkeskommunale økonomien.
Saka skal først behandlast av fylkesutvalet tysdag 30. september, før endeleg vedtak i fylkestinget.
Skulle saka bli vedtatt slik som innstillinga, vil dei nye takstane for takstgruppe 1 frå 1. februar 2026 sjå slik ut:
- Bensin/diesel-bilar med avtale: Frå 32 til 35 kroner per passering
- Nullutsleppskøyretøy med avtale: Frå 16 til 25 kroner per passering
Inntektssvikt
Forslaget kjem etter ei evaluering som viser at inntektene frå bompengeinnkrevjinga er lågare enn forventa, og at det er nødvendig med justeringar for å sikre nedbetaling av bompengelånet innanfor den fastsette perioden på 15 år.
Vegamot, som administrerer bompengeinnkrevjinga, har gjennomgått inntektene etter eitt år med drift. Evalueringa viser at den faktiske gjennomsnittstaksten ligg 17 prosent under det som vart lagt til grunn i stortingsproposisjonen. Hovudårsakene er fleire nullutsleppskøyretøy, færre tunge køyretøy og mange trafikantar med rabattavtale.
Vil redusere elbil-rabatten
I tillegg til takstauken blir det foreslått å redusere rabatten for nullutsleppskøyretøy frå 50 til 30 prosent, i tråd med gjeldande regelverk.
Saka skal først behandlast i fylkesutvalet 30. september, før fylkestinget avgjer saka i sitt møte 14.-15. oktober.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for fylkesutvalet 30. september