Interessert i by- og tettstadutvikling? Blir med på kurs og webinar

Korleis kan belysning skape eit meir attraktivt sentrum på kveldstid? Korleis kan private i lag med kommunen lukkast med sentrumsarbeidet? Korleis jobbe med fortetting eller bustadpolitikk? Oppdater deg på sentrumsutvikling denne våren. 

Eit torg med benkar, planter og tre. Ei kvinne og mann sit på ein benk og diksuterer. - Klikk for stort bileteDet fins mange gode grep og måtar å jobbe på for å skape god sentrumsutvikling. Bli oppdatert på kurs og webinar! Bildet er frå Ålesund, som har oppgradert byrommet framfor svømmehallen. Erik Birkeland/Tingh

Program for berekraftig by- og tettstadutvikling inviterer til kommunar, sentrumsforeiningar og andre private aktørar til kurs og webinar, om alt frå lyssetting i sentrum, godt sentrumsarbeid, bustadpolitikk til fortetting.

- Det finst mykje kunnskap om kva som kan bidra til god sentrumsutvikling, og dette vil vi spreie i regionen. Desse kursa er ein smart måte å halde seg oppdatert på kva som skjer innan fagfeltet, seier Grete Kongshaug, rådgivar i fylkeskommunen. 

Ho trekker særleg fram webinar om korleis eit enkelt tiltak som lyssetting kan gi stor effekt i sentrum, men oppmodar også alle sentrumsforeininga til å få med seg webinar om sentrumsarbeid, der Kristin Gustavsen, adm.dir i Norsk sentrumsutvikling, presenterer korleis private aktørar i lag med kommunen kan lukkast med sentrumsutviklinga. Det er og nyttig å høyre om korleis andre kommunar jobbar, for eksempel med byarkitekten i Indre Østfold. 

Webinara er opne for alle, med unntak av ‘Fortetting med kvalitet’ som er retta mot kommunane.

Du kan melde deg på i kurskalenderen på mrfylke.no.

Arkitekt Therese Øijord Rustad, byarkitekt i Indre Østfold kommune fortel om sine erfaringar som byarkitekt og deler nyttige råd til kommunane til korleis arkitektur kan brukast som verktøy i samfunnsutviklinga.   

 

Kurset er eit tilbod for leiarar, planleggarar og saksbehandlarar på plan- og byggesak, i kommunane.

På kurset lærer vi om korleis vi kan omsette overordna mål til konkrete og brukbare regler på reguleringsplannivå. Innleiarar Sissel Arctander, arkitekt og prosjektleiar Advansia as, Anja Standal, associate professor NMBU og 

Fredrik Holth, partnar Holth&Winge

Administrerande direktør i Norsk sentrumsutvikling , Kristin Gustavsen, fortel om korleis dei private aktørane kan arbeide for fellesskapet i sentrum, samarbeide med kommunen og få til ei stabil drift av sentrumsarbeidet. 

I dette webinaret vil lysplanleggarane i Zenisk as innleie om lysplanen for Geiranger som i fjor var nominert til Norsk lyspris.  Dei fortel om korleis bruk av lys kan vere eit verkemiddel for trivsel, tryggleik og oppleving. Kan ein stad vere like flott om kvelden som om dagen- sjølv om det regnar?

Kommunane sin bustadpolitikken har konsekvensar for arealbruk og verker inn på attraktivitet, næringsutvikling, folkehelse og kommunens tenesteproduksjon og budsjett.

Bustadpolitikk er eit breitt og komplekst felt, som vert påverka av fleire utviklingstrendar. Utfordringsbildet er samansett og i stadig endring. Kva moglegheiter har kommunen og korleis bør ein arbeide for å få til ei berekraftig bustadforsyning?

 Arr. Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren og Husbanken . Arrangementet vil bli opna for påmelding når det nærmar seg.