Meld deg på webinar den 21. oktober for å vite meir om søking til vidaregåande skole.
Terje Aamodt
På kvelden 21. oktober arrangerer fylkeskommunen, som eigar av dei vidaregåande skolane, eit digitalt møte for alle elevar som snart skal ta det som kanskje er det viktigaste valet for dei hittil: søke vidaregåande skole og det som kan vere starten på ei yrkesretning for nokon. Møtet blir på web, slik at alle frå Vanylven i sør til Aure i nord kan vere med.
-Vi veit at det kan vere vanskeleg å velje utdanningsprogrammet som kjennes rett for den enkelte eleven, men vi håper at møtet kan bidra til å oppklare spørsmål og hjelpe ungdommane med valet. Målet med møtet er å gi informasjon som er viktig for elevar og foreldre i overgangen mellom ungdomsskolen og vidaregåande opplæring, seier Kariann Dimmen Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskommunen vil gjerne også ha med foreldra og andre føresette på møtet.
- Vidaregåande opplæring er i stadig endring, det derfor viktig for oss å nå ut til foreldra også, slik at dei får same informasjonen som ungdomane. Viss dei vil gi ungdomen sin råd, er det viktig at råda dei gir er basert på rett kunnskap, og ikkje på slik det var for 20 år sidan, seier Flovikholm.
Kan stille spørsmål
Under og etter møtet er det mogleg å stille spørsmål heilt anonymt i chatten, som er open frå kl. 18 – kl. 20. Rådgivarar frå fylkeskommunen vil svare på spørsmål om alt frå inntak, fagopplæring, opplæring i skole, oppfølgingstenesta til karriere og oppfølging.
Synne Megaard, rådgivar i fylkeskommunen, vil guide deltakarane gjennom alle punkta på programmet. Det vil handle om å ta det rette valet, kva yrkesfag og studieførebuande er, korleis det er å vere elev på vgs og kvar elevar og foreldre kan finne meir informasjon.
Det vil bli både filmar og prat om å det å søke utdanning og det å ta eit val.
Sjå oversikt over dei vidaregåande skolane i fylket her.