Dette skriv vikebladet.no, som omtalar planane for avgangsfest etter at dei skriftlege eksamenane er gjennomførte.
Først med feiring etter eksamen
Årets russekull er dei første som har flytta russefeiringa til etter eksamen. Tidlegare starta feiringa i slutten av april, men i år blir både russedåp og fest halden 13. mai.
Dagen startar med russedåp på Overåsen, før feiringa går vidare til Store Vikholmen. Festen er open for alle avgangselevar, ikkje berre dei som vel å vere russ.
Målet er å halde inngangsbilletten så låg som mogleg, men store utgifter gjer at dei må ta inngangspengar.
Berre for avgangselevar
Arrangementet blir gjennomført utandørs på eit inngjerda område der berre avgangselevar slepp inn. Politiet og Røde Kors stiller, og det er eigne vakter på området. Foreldre er hovudsakleg vakter, men også ordførar Stian Skorgen Scheide deltek. Han oppmodar fleire, også frå nabokommunane, til å stille som vakter for å sikre trygge rammer for ungdomane.
Det er russestyret ved Ulstein vidaregåande skule som arrangerer festen, med støtte frå Ulstein kommune. Vedrana Terzic i kommunen seier til vikebladet.no at målet er å bidra til ei trygg feiring. Planlegginga har mellom anna skjedd på Ulstein bibliotek.
Heile fylket invitert
Visepresident Isabell Frantzen-Warholm fortel at avgangselevar frå heile fylket er inviterte, mellom anna frå Molde, Ålesund, Stryn og Ørsta. På Vikholmen blir det telt, sitteplassar, DJ og konsert med gruppa Sleiken. Det blir også sal av mat, og Moldskred stiller med festivaltoalett.