Inviterer til by- og tettstadseminar: Vi må sjå bustadar som verktøy for samfunnsutviklinga

Årets by- og tettstadseminar tar tak i eit høgaktuelt tema: Korleis bustadpolitikken kan vere eit verktøy  for å løyse utfordringane kommunane står i. 

To kvinner framfor ein bygård. - Klikk for stort bileteIngvild Gjerdset og Grete Kongshaug inviterer til by- og tettstadseminar 12.-13. juni. Møre og Romsdal fylkeskommune

Seminaret som går av stabelen i Ulstein den 12.juni, spør korleis vi skal bu og leve i framtida.
Temaet står på agendaen i mange kommunar, som i desse dagar jobbar med bustadpolitiske planar. Arrangør er by- og tettstadprogrammet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
-    Vi veit at bustadane i mange av kommunane i Møre og Romsdal ikkje er tilpassa den demografiske utviklinga. For eksempel må eldre belage seg på å bu lengre heime. Da må ein bygge slik at det blir mogleg å klare seg sjølv med kort avstand til tenester og tilgang på fellesskapsløysingar. Ved å investere i nabolag som fremmer helse og felleskap for alle, kan resultatet bli mindre press på helse og omsorgstenestene, seier Grete Kongshaug, som er rådgivar på feltet i fylkeskommunen. 

Dette er noko av bakteppet  for spørsmåla som seminaret dukkar ned i. Seminaret ser også bustadbygging i samanheng med stadutvikling og attraktivitet, og på den viktige rolla kommunane har med å planlegge og tenke heilskapleg.
-    Vi meiner det spelar ei store rolle kva og korleis ting blir bygd, for å bygge rette og nok bustadar for rett målgruppe. Skal det vere berekraftig i alle dimensjonar, må det også vere kvalitet. Arkitektur er eit verktøy for å nå desse måla, seier Kongshaug.

Verktøykasse

Programmet som går over to dagar, startar med samfunnsperspektivet og korleis det påverkar kommunane. I bolk to utforskar det verktøykassa, som arkitektur og husbanken si rolle. På dag to tar seminaret for seg plan, prosessar og prosjekt der vi får høyre om områdeplan for Ulsteinvik, og forbildeprosjekt frå fleire anerkjente arkitektkontor.

I tillegg til lokale case og folk frå Aukra og Ulstein, kjem solide namn frå Oslo Met, Norsk Eiendom, DOGA, Helen og Hard arkitektar, NTNU og Husbanken. 
Arrangementet er relevant og opent for kommunar, næringsaktørar og andre som jobbar med, eller er interessert i bustad- og stadutvikling.

Du kan melde deg på og finne meir informasjon om programmet her.