Inviterer til Campusival og konferanse

Heile neste veke byr Campus Kristiansund på seg sjølv og på arrangement og aktivitetar for å feire at bygget no er opna og tatt i bruk.

Fargerikt bygg ved kaia. - Klikk for stort bileteGod grunn til å feire: Campus Kristiansund inviterer til opningsveke full av aktivitetar. Kristin Vestly

Frå 4. til 9. november er det duka for opningsveke på Campus Kristiansund. Kvar dag er det Campusival, der alle aktørane på Campus byr på eit mylder av aktivitetar og arrangementer for at Kristiansund og regionen skal bli kjent med bygget og dei som har flytta inn der.

Publikum kan delta på omsyningar og arrangement som byvandring, seniorgaming, teater og samtalar om sjømatnæringa, byutvikling og kunstig intelligens.  Og mykje meir.

Konferanse om utdanningsbehov

Onsdag 6. november er det Campuskonferansen, som rettar søkelyset på utdanningsbehovet i regionen, vidare samarbeid og byggetrinn 2.

Kristiansund kommune spanderer spanderer kaffe og kaker til befolkninga mellom kl. ett og to, fredag 8. november

Inviterer barnefamiliar til skaparfestival

Laurdag er det blant anna skaparfestival for barnefamiliar og teaterframsyning for dei minste. Kl. ett blir Solskjær-statuen avduka.

Arrangementa er gratis.