Bildet er frå den fysiske konferansen i 2023, som vart gjennomført på Vestnes.
Elev- og lærlingombodet
Det er elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal som er arrangør. Målet med konferansen onsdag 2. oktober er å styrke elevrådsarbeidet på skolane gjennom kunnskap, erfaringsdeling og forventningar til deltaking på eigen skole.
– Vi ønsker aktive elevråd som arbeider godt for fellesinteressene til elevane på skolen, som bidreg i arbeidet for eit godt skole- og læringsmiljø og som kan uttale seg på vegner av elevane, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden Hammerø.
På konferansen vil deltakarane få informasjon om elevrådsarbeid, verktøy til å leie eit elevråd og anna informasjon om arbeid rundt barn og unge som er greitt for dei å vete noko om.
Konferansen er ein del av eit større arbeid for å sikre god elevmedverknad på dei vidaregåande skolane i fylket, der det og blir gjennomført skolebesøk og samlingar for elevrådskontaktane.
Gode rammer for elevmedverknad og elevrådsarbeid er viktig for at elevane skal oppleve å kunne påverke eigen skolekvardag.
– Vi meiner at gjennom god elevmedverknad kan skolen også lykkast betre med å skape trygge og meir inkluderande miljø, førebygge mobbing og auke elevane sin trivsel og læringsutbytte, seier elev- og lærlingombodet.