Inviterer til fest for nye Nerlandsøybrua

Tysdag 14. oktober kl. 17.00 blir den nye Nerlandsøybrua offisielt opna. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til ei høgtideleg og kjekk markering på Kvalsundsida. Alle er hjarteleg velkommen.

Bru sett frå lufra - Klikk for stort bileteDen nye Nerlandsøybrua blir offisielt opna 14. oktober. Rune Skoglie

Kvalsvik–Nerlandsøy skulekorps opnar programmet med marsjmusikk klokka 17.00. Deretter ønsker prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ragnhild Holen Relling, velkomen til opninga.

 - Det har vore svært spanande, kjekt og utfordrande å jobbe med dette prosjekt, og no er vi i mål, seier Relling.  

 - Vi gler oss til å markere offisiell opning med alle som bur på Nerlandsøya, og som får ein lettare kvardag med ny bru.

Etter velkomstord og festtalar blir det snorklipping ved fylkesordførar Anders Riise. Han får hjelp frå Felicija Ada Darwins og Sigrid Remøy Sandstrôm frå Nerlandsøy skule til å halde snora – og markerer dermed den historiske hendinga at brua offisielt er opna.

Etter snorklippinga marsjerer korpset til toppen av brua og tilbake. Alle som vil, kan bli med og gå i toget over den nye brua.

Markeringa blir avslutta med kaker, kaffi og brus, servert av gode hjelparar frå Nerlandsøy grendalag.

NB! Av omsyn til trafikktryggleik rundt opningsmarkering blir ikkje brua opna for trafikk før kvelden 14. oktober. Trafikk vil gå via gamal bru til arrangementet er avslutta.

Program:

Tysdag 14. oktober, kl. 17.00 på Kvalsundsida

Det blir snorklipping, talar og musikalske innslag. Servering av kake, kaffi og brus. 

nerlandsøybrua program, opningsmarkering
TidProgram
17.00Kvalsvik - Nerlandsøy skulekorps
17.05Velkomen frå prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ragnhild Holen Relling
Tale frå samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig
Tale frå entreprenør Bertelsen & Garpestad og Metrostav Norge
Tale frå ordførar i Herøy kommune, Ann-Kathrin Storøy
Tale frå lokal pådrivar, Bjarne Kvalsvik
Tale og snorklipping ved fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Anders Riise. To born frå Nerlandsøy skule bidreg, Felicija Ada Darwins og Sigrid Remøy Sandstrôm
Kvalsvik - Nerlandsøy skulekorps marsjerer til toppen av brua, og tilbake igjen. Alle er velkomen til å gå i toget
17.45Kake, kaffi og brus