Med Friluftslivets år som bakteppe, tek konferansen opp spenningar som pregar feltet – mellom tradisjon og samtid, mangfaldig friluftsliv og bevaring av dei tradisjonelle friluftslivskvalitetane og mellom folkehelse og naturmangfald.
På årets fylkeskulturkonferanse kan du både flyte på bølgene og fordjupe deg i friluftslivet.
Asle Klock
Konferansen, som blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune, er ein møteplass for tilsette i kommunar og frivillige organisasjonar som jobbar med kultur, folkehelse, arealforvaltning, utdanning, reiseliv og natur. Den er òg open for alle med interesse for friluftsliv, inkludering og kulturarv.
Friluftsliv mellom forvaltning og fridom
Konferansen løfter aktuelle spørsmål knytt til tilrettelegging, bruk og vern av naturen. På programmet står tema som allemannsretten, byggesaker i utmark, universell utforming og heilskapleg planlegging av friluftslivsanlegg. Eit viktig tema er òg korleis friluftslivet kan vere ein arena for formidling av kulturminne og kulturmiljø.
Prosjektleiar Petter Jenset, rådgivar for friluftsliv i kulturavdelinga, har leia arbeidet med konferansen. Han meiner det er viktig å synleggjere dei mange rollene friluftslivet har i samfunnet vårt.
– Friluftslivet er fullt av paradoks. Det handlar både om å vere i ro og i bevegelse, om å søke det enkle og det spektakulære og om tilrettelegging og bevaring av det urørte. Konferansen skal gi rom for å reflektere over desse motsetningane, og kva dei betyr for oss – som enkeltpersonar, lokalsamfunn og forvaltarar av naturen, seier Jenset.
Store spørsmål og sterke stemmer
Programmet byr på foredrag, samtalar og aktivitetar som tek opp både historiske og samtidige perspektiv. Blant innleiarane finn vi Alexander Read (kjend frå TV2-serien Mina og meg), eventyrar Stein P. Aasheim og forfattarane Marit Beate Kasin (Naturparadokset) og Guri Botheim (Høgfjellsmeldinga).
– Vi ønsker å løfte fram historia og kulturen i friluftslivet, og sjå på korleis desse perspektiva kan hjelpe oss å forstå utfordringane vi står i no. Det handlar om meir enn aktivitet – det handlar om verdiar, fellesskap og forvaltning, seier Jenset.
Etter inspirasjon frå scena, inviterer konferansen til fordjuping og fagleg samspel på tvers av sektorar.
Fagleg djupdykk og felles opplevingar
Ulike syn på berekraftig bruk av naturen går som ein grøn tråd gjennom heile konferansen. Innlegg om plastrydding, besøksforvaltning i nasjonalparkar, det rolege friluftslivet og bygging av gondol, gir ulike blikk på korleis ein kan ta vare på både natur og opplevingar.
– Programmet legg opp til både fagleg fordjuping og uformelle møtepunkt – med rom for refleksjon, ny innsikt og nye samarbeid, avsluttar Jenset.
Les meir og meld deg på årets fylkeskulturkonferanse ved å følge denne lenka.