Inviterer til informasjonsmøte i Midsund

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til informasjonsmøte i Midsund, tysdag 24. september.

Ei ferjekai. Foto - Klikk for stort bileteDryna ferjekai. Begge ferjekaiene i sambandet skal utberast. Møre og Romsdal fylkeskommune

På møtet vil FRAM vere til stades for å gje informasjon om ferjetilbodet i sambandet Brattvåg–Dryna. Ferjekaiprosjektet i fylkesvegavdelinga vil informere om byggearbeidet med ferjekaiene på Dryna og i Brattvågen.

Stad: Gjerdebua i Midsund 
Tid: Tysdag 24. september, klokka 17.00 til 18.30

Møtet er ope for alle, og det blir høve til å stille spørsmål og komme med innspel.