Inviterer til informasjonsmøte om etablering av studiesenter

Fylkeskommunen lyser ut midlar til studiesenter i Møre og Romsdal i løpet av første halvår 2026. No inviterer dei aktuelle søkarar til informasjonsmøte. 

Fem pcar og stastatur på eit skrivebord. - Klikk for stort bileteFylkeskommunen vil lyse ut 6,8 mill. kroner til etablering og drift av studiesenter. Unsplash

Fylkeskommune vil i første kvartal lyse ut 6,8 mill. kroner til etablering og drift av studiesenter i Møre og Romsdal. Private og offentlege verksemder, stiftelsar og organisasjonar kan søke om tilskot til å etablere og drifte studiesenter.
Det er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera.

Fylkeskommunen inviterer no aktuelle søkarar  og andre interesserte til informasjonsmøte om ordninga «Etablering og drift av studiesenter» fredag 6. februar på St. Carolus i Molde. 

Erfaringar og planar framover

På agenda står blant anna:

  • Informasjon om studiesenterordninga, erfaringar frå  2025 og ny utlysing i 2026.
  • Studiesenteret Midt-Troms og KompetanseHUB Romsdal, deler sine erfaringar som studiesenter. KompetanseHUB Romsdal på Åndalsnes mottok i 2025 støtte frå fylkeskommunen for 2026 og 2027.
  • Kort verkstad om korleis fylkeskommunen, studiesenter og utdanningsinstitusjonar kan samarbeide for etablering av studiesenter. 

Om utlysinga i 2025

Les meir om ordninga på nettsida til fylkeskommunen (utlysing 2025). Støtteordninga har fått øyremerka midlar frå Kommunal- og distriktsdepartementet til kompetansearbeidskraft i distrikta.