Denne gjengen inviterer til informasjonsmøte for deg som kan tenke deg ei karriere som kokk. Knut-Erik Rød, Romsdal vidaregåande, Jan Blø, Opplæringskontoret for hotell, restaurant- og matfag og Liv Randi Schønning, NAV Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylkeskommune
4. oktober er det informasjonsmøte om nytt modulbasert opplæringsløp for dei som kan tenke seg ei karriere som kokk, anten det er fagbrev eller delkompetanse som er målet.
- Vi ser både etter dei som har jobba som kokk, men som ikkje har utdanning i faget, eller dei som manglar ein eksamen eller to for å få fagbrevet, seier Liv Randi Schønning, opplæringskoordinator i NAV.
Bakgrunnen for arrangementet er etterspørsel i marknaden.
- Det er behov for kokkar, og det er ledige læreplassar, seier Knut Erik Rød, Romsdal vidaregåande.
Møt din framtidige arbeidsgivar
På kick-offen blir det informasjon om opplæringsløpet og kva karrieremoglegheiter som finst innan kokk- eller ernæringskokkfaga. Deltakarar får også møte representanter frå opplæringskontoret og potensielle arbeidsgivarar
Dato: 4.oktober 2024
Tidspunkt: 12.00-14.30
Sted: Molde Rådhus (Rådhusplassen 1, 6412 Molde)
Meld deg på ved å klikke på lenka
Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Romsdal videregående skole, Opplæringskontoret for hotell, restaurant- og matfag i Møre og Romsdal, og NAV Møre og Romsdal.