Inviterer til konferanse om kropp, grenser og seksualitet i fleirkulturelle samfunn

Korleis kan tilsette i skule, barnehage, helse- og flyktningtenester møte utfordringar knytte til kropp, seksualitet, negativ sosial kontroll og æresrelatert vald? Dette står på agendaen for konferansen som blir arrangert i haust.

Tysdag 27. oktober blir konferansen Kropp, grenser og seksualitet i eit minoritetsperspektiv arrangert på Scandic Alexandra i Molde. Møre og Romsdal fylkeskommune er medarrangør, saman med RVTS og Det regionale nettverket mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald.

Konferansen er gratis og retta mot alle som arbeider med flyktningar og innvandrarar innan helse, barnehage og skule. Interesse har vore stor, og det er no berre få plassar igjen.

– Dette er tema mange fagpersonar møter i kvardagen, men som kan vere krevjande å snakke om. Konferansen skal gi deltakarane både kunnskap og konkrete verktøy til å møte menneske med ulik kulturell bakgrunn på ein trygg og respektfull måte, seier rådgivar Sissel Tegelsrud Kolstad i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Sterkt fagleg program

Deltakarane får møte ei rekke fagpersonar med brei erfaring frå feltet. Blant innleiarane er psykolog og imam Alyas Karmani, som skal snakke om giftig maskulinitet, seksuell ære og kolliderande normsystem.
Elisabeth Harnes frå RVTS vil ta opp tema som skadelig kontroll og æresmotivert vald på tvers av landegrenser, medan forskar Elise B. Johansen ved NKVTS presenterer ei ny handbok om samtalar knytte til kjønnslemlesting.
Sykepleiar og jordmor Safia Haase skal sette søkelys på korleis hjelpeapparatet kan bidra i arbeidet med å førebygge og endre praksisar knytte til kjønnslemlesting.

Konferansen blir avslutta med ein panelsamtale om betydninga av menneskemøte og erfaringar med det norske hjelpeapparatet.

Konferansen er gratis å delta på, men på grunn av stor interesse og avgrensa tal på plassar er det viktig å melde seg på innan fristen 19. oktober. Her kan du lese meir om konferansen og melde deg på.