Bli med på leverandørkonferanse, oppfordrar Per Oterholm, Silje Hårberg og Bengt Endreseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Møre og Romsdal har underskot på kraft og er avhengig av import for å dekke forbruket. For å auke andelen fornybar energi treng vi leverandørar som kan tilby løysingar for lokal energiproduksjon av sol, nærvind og termisk energi.
Samle leverandørar
27. november inviterer vi til leverandørkonferanse i Kristiansund, og målet er å samle eksisterande og potensielle leverandørar for å fremme innovasjon, bygge relasjonar mellom innkjøparar og tilbydarar og styrke openheita i innkjøpsprosessane. Kristiansund kommune har mål om å bli sjølvforsynt med fornybar energi innan 2030, og i tillegg til Kristiansund kommune stiller kommunane Aure, Averøy, Gjemnes, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll seg bak initiativet.
Målgrupper
Målgrupper for konferansen er kommunar, fylkeskommunar, leverandørar, forskingsmiljø, offentlege innkjøparar, lokalt næringsliv og andre med interesse for fornybar energi.
Møre og Romsdal fylkeskommune er medarrangør saman med Kristiansund kommune, Leverandørutviklingsprogrammet (LUP) og Bærekraftsløftet.
Påmeldingsfristen er torsdag 20. november. Les meir om konferansen og meld deg på.