Inviterer til litteraturverkstad

Den kulturelle skolesekken (DKS) turnerer alle skolar i fylket med ulike framsyningar. No inviterer dei forfattarar, formidlarar og andre utøvarar til ein verkstad for å utvikle litteraturproduksjonar som kan vere med i DKS.

Kvinne står på scene framfor elevar - Klikk for stort bilete Trine Ruud Grønningen/Kulturtanken.

Verkstaden, DKS-LAB for litteratur, som både DKS Trondheim, Innlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag står bak, er ein utviklingsarena for litteratur i Den kulturelle skolesekken. 

Deltakarane må sette av tre heile arbeidsdagar, 16., 17. og 18. april 2024. Desse tre dagane skal dei bu og jobbe saman i Trondheim. Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. I løpet av samlinga vil ideane bli testa på elevar i aktuelle aldersgrupper.

Litteraturproduksjonar kan ta utgangspunkt i bøker, eit forfattarskap, forteljingar, illustrasjonar, bildebøker og teikneseriar, eller kanskje noko anna? Formidlinga kan ha mange formar.

Målet vidare er at dei ferdige produksjonane blir melde inn i DKS-portalen hausten 2024.

Les heile utlysinga og søk på Trøndelag fylkeskommune sine nettsider. Søknadsfrist er 15. februar 2024. 

Kontaktperson i DKS Møre og Romsdal er 

Kontakt

Åshild Widerøe

Rådgivar

epost ashild.wideroe@mrfylke.no.