Inviterer til webinar om by- og tettstadutvikling i haust

Korleis kan ei sentrumsforeining skape eit levande og aktivt sentrum? Kan vi bruke kulturarv i byutviklinga? Kva må til for å skape gode nabolag og buplassar?

Eldre kvinner med rullator på torget i Molde. - Klikk for stort bilete Ingvild Gjerdset

I haust tar vi for oss fleire tema som er aktuelle for kommunane og andre utviklingsaktørar i lokalsamfunna – og peiker på gode faglege løysingar og strategiar. For alle som driv med sentrumsutvikling.

Arrangør er Program for berekraftig by- og tettstadutvikling, som samarbeider med kommunane om å utvikle attraktive tettstadar og byar i fylket.

 

Frukostwebinar: Korleis jobbar ei sentrumsforeining?

Dato: 3. september 2024

Tid: 9:00 - 10:00

Kven: Norsk sentrumsutvikling ved adm.dir. Kristin Gustavsen.

Meld deg på her: Digitalt møte

I dette webinaret vil vi få høyre om erfaringar frå ulike sentrumsforeiningar og korleis ein kan arbeide for fellesskapet i sentrum, samarbeide med kommunen og få til ein stabil drift av sentrumsarbeidet.

 Eit godt samarbeid mellom kommune og private aktørar er utfordrande, men avgjerande  for å lukkast i utvikling av eit levande og aktivt sentrum. I eit sentrum er det som regel eit mangfald av aktørar og interessar med ulike behov og omsyn som skal ivaretakast. Kommunen har ulike roller som samfunnsutviklar og mynde på ulike område og dei private aktørane er både grunn- og gårdeigarar, butikkdrivarar og leigetakarar. For å kunne lykkast med samarbeid på tvers av offentleg-privat sektor, er det eit behov for eit godt samarbeid.

Påmeldingsfrist: 29. august

 

Frukostwebinar: Riksantikvaren sin bystrategi

Dato: 3. oktober 2024

Tid: 09:10

Meld deg på her: Digitalt møte

Kulturarven gir verdifull kunnskap om korleis byar og stader har utvikla seg. I dette webinaret vil vi få høyre meir om Riksantikvaren sin bystrategi med gode døme på korleis kulturarven kan nyttast og kva for råd Riksantikvaren gir for god by og stadutvikling. Bystrategien er eit verktøy for by- og stadsutvikling og eit fagleg policydokument for kulturmiljøforvaltninga i fylkeskommunen og kommunar. Strategien er og eit nyttig verktøy for konsulentar som arbeider med plan- og byggesaker.

Påmeldingsfrist 30. september

 

Frukostwebinar: God arkitektur og gode bumiljø - kva må til?

Dato: 3. desember

Tid: 9.00-10.00

Meld deg på her: Digitalt møte

Kven: Christian Pagh, arkitekt og leiar av Norsk arkitekturtriennale

Christian Pagh er dansk og har en mastergrad i moderne kultur og filosofi frå Københavns Universitet og Paris VIII. I dette webinaret vil han fortelje om kva som må til for å skape gode nabolag og bustadar.

Pagh har leia fleire prosjekt innan byplanlegging, både som partner i designbyrået Urgent Agency og i offentleg sektor.  Dei siste tre åra har han vore leiar av Norsk arkitekturtriennale som blant anna har sett nabolaget på dagsorden.  Christian er kjent som samfunnsdebattant og som kritikar av mange byggeprosjekt i hovudstaden som han meiner ikkje bidreg positivt til eit bymiljø for menneske. Han er ikkje berre opptatt av å kritisere men å argumentere for konkrete grep som alle nye bustadprosjekt bør ta fatt i; betre fellesrom som bygger gode nabolag.

Påmeldingsfrist: 28.november.

 

Del&Lær: nettverkssamling for by- og tettstadutvikling

Kvar: Alexandra hotell, Molde

Dato: 12.november

Tid: kl. 10:00-15:00 

Meld deg på her

På dette seminaret legg vi opp til deling av kunnskap og erfaringar. På agendaen står innlegg frå fleire kommunar i fylket som arbeider med ulike tema og prosjekt innan by- og stadutvikling. Det blir samtalar og diskusjonar der innleiarane stiller som bordvertar.  Arrangementet er gratis for kommunane.

Program kjem seinare.

Påmeldingsfrist: 1. november.