Inviterte til folkefest for nye Nerlandsøybrua

Tirsdag 14. oktober blei den nye Nerlandsøybrua offisielt opna med folkefest, talar og høgtideleg snorklipping. Rundt 800 personar møtte fram for å ta del i den historiske markeringa, som blei arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkesordførar Anders Riise stod for den offisielle snorklippinga og markerte med det at brua er open for trafikk.

– Dette er ein merkedag for både Herøy og heile regionen. Fylket vårt har nesten 1.000 bruer, og Nerlandsøybrua er ei av desse. Dette viktige samferdselsprosjekt vil styrke både næringsliv og kvardagsliv, sa Riise i si tale.

Han fikk hjelp med snorklippinga av korpsaspirantar frå dei to bygdene på Nerlandsøya, Felicija Ada Darwins frå Kvalsvika og Sigrid Remøy Sandstrôm frå Kvalsund. Born frå Nerlandsøya skule hjelpte også til. Desse var elevrådsleiar Ovedia Erntsen Hillersøy og nestleiar Bastian Leinebø Pinheiro.

Tener lokalsamfunnet i tiår framover

Prosjektleiar Ragnhild Holen Relling ønskte velkomen og løfta fram arbeidet og samarbeidet bak prosjektet.

– Brua er bygd med framtida i tankane. Med løysingar som gang- og sykkelvegar. Dette er ei bru som vil tene lokalsamfunnet i mange tiår framover, sa Relling.

Også fylkespolitikar og lokal pådrivar Bjarne Kvalsvik heldt tale. Kvalsvik uttrykte stor glede over at brua endeleg er på plass:

– Dette har vi kjempa for i mange år, og viser kva vi kan få til når lokalsamfunnet står samla, og fortel om viktigheita av eit prosjekt, sa han.

– Eit samrøystes fylkesting gjekk inn for å bygge brua, og noe står ho klar. Det er ein gledens dag. 

God stemniing på brua

Etter snorklippinga marsjerte Kvalsvik - Nerlandsøy musikkorps til toppen av brua og tilbake, saman med folkemengda. Stemninga var god og mange nytta høvet til å ta sine første steg over brua. Etter markeringa blei det servert kaker, kaffi og brus – med god hjelp frå grendalaget på Nerlandsøya.

Ei bru for framtida

Den nye brua erstattar den gamle konstruksjonen frå 1968, og er bygd med moderne krav til trafikktryggleik. I tillegg til den 574 meter lange brua omfattar prosjektet nye gang- og sykkelvegar, busslommer og vegomlegging på begge sider. 

Entreprenør for bygginga har vore Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS i arbeidsfellesskap. Kostnadsramma er i underkant av 900 millionar kroner.