Jaktar areal til bussdepot i Elnesvågen, Eide, Hustad, Bud, Gossen og Misund

Fylkeskommunen ber om tips til tomter og lokale som kan brukast til bussdepot i ytre Romsdal

tre ungdommar stig ombord i blå buss. - Klikk for stort bilete Terje Aamodt

Møre og Romsdal ønsker å tilby lokale og tomter som kan eigne seg til bussdepot til selskap som skal drifte kollektivtrafikken i fylket, og ser derfor etter eigedomar å leie i Elnesvågen, Eide, Hustad, Bud, Gossen og Misund

-I første omgang ber vi om tips til plassering av bussdepot, innan fredag 7. juni. Seinare vil vi be om tilbod frå grunneigarar for leige av areal, seier Alice Elnes, eigedomsforvaltar i fylkeskommunen.

Tips kan sendast til bygg- og eigedomsavdelinga i fylkeskommunen på mail til alice.elnes@mrfylke.no.

Full elektrifisering

Leige av bussdepot vil gjelde for minimum ein tiårsperiode, frå 2027 til 2037. Frå 2026 skal heile kollektivtrafikken vere elektrifisert.

- Det betyr at fylkeskommunen skal kunne legge til rette for at alle parkeringsplassane har ladestasjon, seier Elnes.

Det blir lagt vekt på at aktuelle areal har

  • god avkøyring frå hovudvegen og at tilkomsten er enkel, god og sikker.
  • sentrumsnær plassering, utan at busstrafikken er til sjenanse for naboar.

Det er spesifisert ulike behov for dei ulike plassane: