Jaktar ti it-lærlingar

Fylkeskommunen skal tilsette ti lærlingar på it-avdelinga. Og spør du dei som er lærlingar i dag, så er det stor variasjon, masse læring, å få jobbe med det du likar å halde på med og fine kollegaer som er det beste med læretida i fylkeskommunen.

Ung lærling hjelper mann med pc-utstyret - Klikk for stort bileteLærling Thomas Myren hjelper økonomisjef Geir Fjørtoft med datautstyret. Jan Ragnvald Eide

Møre og Romsdal fylkeskommune har ei stor it-avdeling som sørger for at jobben blir gjort på fylkesvegane, i kollektivtrafikken, i tannhelsetenesta og på vidaregåande skole. No søker dei 10 lærlingar til vgs. skolar og til fylkeshuset.

Gabriel Andreas Rødseth, 1- årslærling og Thomas Myren, 2-årslærling, og anbefalar it-elevar om å søke. 

-Du får stor variasjon i arbeidsoppgåvene og variert vanskegrad. Og du får moglegheit til å finne ut sjølv kva du likar å jobbe med, seier Gabriel. 

Begge har vakt på it-support, der dei bidrar til å løyse utfordringar og feil i heile organisasjonen. Ca 2500 tilsette, og endå fleire elevar, som treng hjelp og hundrevis av system å drifte. Det er mange IT-system å sette seg inn i, men også mykje støtte å få. 

-Her er det mange folk med en enorm kunnskap, som er villige til å lære bort, seier Gabriel. 

Go-cart på samling

- Kva likar du best i fylkeskommunen då?

- Å køyre go-cart, det gjorde vi på lærlingsamling i Molde, seier Gabriel med eit flir. 

Ung lærling med langt hår gir it-råd til kvinne - Klikk for stort bileteGabriel Andreas Rødseth, 1- årslærling, hjelper rådvill kollega. Jan Ragnvald Eide

Fleire gongar i året er det lærlingsamling ein eller anna plass i fylket. Målet er læring på dagtid og sosialt på kveldstid, med for eksempel bowling, go-cart og Escape room, og pizza. I tillegg får lærlingane god oppfølging av både lokal instruktør og ikt-koordinator.

Springbrett

Å vere lærling i fylkeskommunen er eit fint springbrett for det som kjem etterpå. Det var det for Daniel Holøien og Stine Svensli Holen, som var lærlingar i fylkeskommunen i fjor og året før. Dei bestod fagprøven, og studerer no it i kvar sin by, Daniel på NTNU i Trondheim og Stine på Høgskolen i Molde. 

Det som overraska Daniel då han begynte i fylkeskommunen, var at innspela han hadde til forbetring, vart tatt på alvor og sett i verk i den store organisasjonen.

-Kollegaene mine var opne for innspel, og eg syns det er artig å ha bidratt til nye løysingar. 

Stine sette pris på at ho fekk utfordra seg sjølv i læretida.

- Eg fekk vere med på jobbar som eg ikkje hadde trudd eg skulle få vere med på, for eksempel å sette opp it-utstyret på ein ny tannklinikk, seier Stine. 

Ho meiner det bidrog til at ho vart tøffare gjennom åra som lærling.

- Eg lærte å stole meir på meg sjølv og på magefølelsen, og eg vart tryggare på kva eg haldt på med. 

Kommunikasjonstrening

Førsteårslærlingane og IT-studentane er einige om ein ting, tida i fylkeskommunen har bidratt til at dei vert flinkare til å møte og prate med folk. 

Jente med fletter - Klikk for stort bilete- Eg lærte å stole meir på meg sjølv og på magefølelsen, og eg vart tryggare på kva eg haldt på med, seier Stine Svensli Holen om læretida i fylkeskommunen Privat

- Eg har lært mykje om korleis eg kommuniserer med forskjellige personar, seier Thomas.

Spør du Daniel, meiner han faktisk at det beste argumentet for å jobbe i fylkeskommunen er alle dei fine folka, både kollegaene og brukarane, som du blir kjent med.

-  Eg opplevde at folk var veldig takknemlege for å få hjelp. Eg skjønar det jo, det er jo kjipt viss du har ein pasient som ventar i tannlegestolen og systemet har hengt seg opp. Då kjente eg meg svært nyttig, seier Daniel.

 

Ung gut framfor teknisk utstyr med mange kablar - Klikk for stort bilete-Noko av det beste er dei fine folk du møter, seier Daniel Holøien, som var it-lærling i 2022. Lars Erik Hansen