Jobbar for å få trygg overgang frå grunnskole til vidaregåande

Omboda i Møre og Romsdal er opptatt av trygge og gode overgangar frå barnehage til grunnskolen og frå grunnskolen til vidaregåande opplæring.

Skoleelev ved PC. - Klikk for stort bileteI den nye opplæringslova blir det stilt krav til betre overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring. Illustrasjonsfoto. Tingh / Møre og Romsdal fylkeskommune

Overgangen er aktuell fordi det kjem ei ny opplæringslov frå 1. august i år som skal bidra til at fleire kan fullføre vidaregåande opplæring og kvalifisere seg til arbeidslivet.

– Vi ser at det er viktig å vere i forkant og å gjere dei tilretteleggingane som er nødvendige. Og vi meiner at ein ikkje kan ha ei «vente og sjå»-haldning, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden og mobbeombod Kristin Øksenvåg.

Krav til betre overgangar

I den nye opplæringslova blir det stilt krav til betre overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring. Lova seier blant anna at fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa, og at kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen.

I Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar seksjonsleiar Rose Mari Skarset med å legge til rette for eit tett og godt samarbeid rundt dei som jobbar med elevane. Tidleg i mai arrangerte fylkeskommunen ein workshop der både rektorar, oppfølgingstenesta, omboda, rådgivarar frå grunnskolen og SLT-koordinatorar frå kommunane deltok.

– Vi prøver å finne ut kva som er bra, kva som fungerer og kvar vi har potensial til forbetring. Vi skal identifisere det og jobbe med det. I tillegg til det ser vi på korleis vi skal få til ein kommunedialog der kommunar og fylkeskommunen jamleg set seg ned saman og diskuterer utfordringane. Målet er å få laga eit system som gjer at vi viser at «slik gjer vi det i Møre og Romsdal», seier Skarset.

Oppfølgingstenesta

Rundt om i heile fylket er det representantar for Oppfølgingstenesta (OT) – eit tilbod til ungdom som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i opplæring eller arbeid. I Møre og Romsdal jobbar OT kvart år med meir enn 700 ungdomar som takkar ja til oppfølging.

Under den nasjonale ombodssamlinga 4.–5. juni blir overgangane set på sakskartet. Det meiner Rose Mari Skarset er viktig:

– Vi må få flest mogleg til å fullføre og bestå vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse, det gir meistring og moglegheiter. Vi må få fleire gjennom slik at dei får varig tilknyting til arbeidslivet – og at dei får gode liv. Med fullføringsreformen og  ny opplæringslov kjem nye og utvida rettigheiter til dei som har behov for ekstra tid eller tilrettelegging for å fullføre vidaregåande opplæring. Då blir det viktig med god karriererettleiing, god oppfølging og gode rutinar slik at vi får ungdomane våre på rett plass, seier Skarset.

Viktig for omboda

For omboda er overgangane så viktige, at dei har det som eit tema under ombodssamlinga i Kristiansund:

– Gjennom arbeidet vårt blir vi kjent med mange barn og unge som opplever barnehage-, skole- og arbeidskvardagen som utfordrande og utrygg, og vi ser at overgangar er særleg krevjande for desse barna og ungdommane. Eit systematisk arbeid og god støtte i overgangen er heilt avgjerande for at dei skal kunne få ein positiv start og meistre barnehage-, skole- og arbeidskvardagen, seier elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden og mobbeombod Kristin Øksenvåg.

– Kva forventningar har de til kommunane og fylkeskommunane i samband med innføring av ny opplæringslov?

– Omboda meiner det bør vere eit felles system som gjeld uansett kor i fylket ungdommane bor. I arbeidet med overgangane må kommunen og fylkeskommunen sikre at behova ungdommane har blir ivaretatt og at kva som er best for eleven blir eit grunnleggjande omsyn. Ungdommane skal medverke, seier omboda.

Saka var ei av hovudsakene då alle omboda i Noreg hadde fagleg samling i Kristiansund 4.–5. juni.