Jordprøver indikerer mineral og metall

Ei ny geokjemisk undersøking i Møre og Romsdal har identifisert område med mogelege mineraliseringar av ulike metall. Resultata gir ein indikasjon på område som kan vere interessante for mineralleiting.

Jord som er spadd opp. - Klikk for stort bileteEi jordprøve er spadd opp i eit fjellandskap i Møre og Romsdal. Når prøva er tatt, blir holet fylt igjen. Malin Andersson/NGU

Det skriv Norges geologiske undersøking (NGU) på sine nettsider.

Arbeidet er gjort som ein del av eit treårig samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og NGU. Programmet set særleg søkelys på geologi som kan ha framtidsmoglegheiter for næringsverksemd i regionen.

Forskarane ser etter avvik frå det normale, såkalla anomaliar, og på auka verdiar frå bakgrunnskonsentrasjonane, i område med kopar, sink, bly, og på stader med jern, mangan, titan og vanadium.

– Funn kan indikere mineralisering av ulike element. Generelt sett kan vi seie at stader med slike anomaliar blir tolka som område med mogelegheit for mineralressursar, forklarar forskar og prosjektleiar Agnes Raaness ved Norges geologiske undersøking (NGU).

Undersøkinga er basert på prøver tatt over store område med éi prøve per 36 kvadratkilometer. Her er det brukt metodar som hovudkomponent- og klyngeanalysar for å peike ut område for vidare utforsking.

Du kan lese heile saka på ngu.no.