Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er i gang med kantslått langs fylkesvegane. Arbeidet er viktig både for trafikktryggleiken, trivselen langs vegane og for å ta vare på naturmangfaldet.
Kantslåtten blir gjennomført i to rundar i løpet av året. Ein første runde frå mai og ein ny runde som startar i august.
– Kantslåtten handlar om sikt og tryggleik. Vi fjernar vegetasjon for å betre sikt for trafikanten, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Kjetil Okkenhaug.
Samtidig gir kantslåtten ryddige og meir tiltalande omgjevnader.
Viktig for artsmangfaldet
Ved å slå graset tidleg og seint på sommaren kan ein både hindre spreiing av framande artar og legge til rette for dei artane ein ønsker å bevare.
– Vi tek omsyn til naturen. Kantslått bidreg til å hindre framande artar i å spreie seg, samstundes som vi styrkar levevilkåra for dei artane og insekta som naturleg høyrer heime i norsk natur, forklarar Okkenhaug.
Kan bli litt kø
Når kantslått går føre seg, kan det oppstå køar og redusert fart.
Trafikken skal sleppast forbi når det er mogleg, men ein må rekne med noko venting i periodar.
– Vi oppmodar alle til å vise litt omsyn og unngå farlege forbikøyringar, seier Okkenhaug.
Kantslått er viktig for trafikktryggleiken
Erik Birkeland