Karrieredagar for 10. klassingar i heile fylket

I september og oktober blir det arrangert karrieredagar i heile fylket, der fleire tusen avgangselevar får bli betre kjent med næringslivet og utdanningstilbodet i regionen sin. 

Karrieredagane er store arrangement, med fleire hundre bedrifter og utdanningsutdanningsinstitusjonar på stands, og besøk frå tre tusen 10.klassingar over heile fylket – og nesten like mange foreldre.
-    På Karrieredagane får ungdommane sjå og erfare kva yrke som finns i bedriftene og kva utdanningstilbod vi har i fylket. Målet er å gjere elvane tryggare i valet på vidaregåande opplæring. Vi vil gi dei karrierekompetanse til å ta gode val. Dette er jo så langt eit av dei viktigaste vala dei gjer,  seierHilde Meringdal rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Karrieredagane på Indre Nordmøre opna rekka, i Surnadal. Den 8. september tok 40 bedrifter og opplæringsinstitusjonar i Surnadal idrettshall i mot 200 elevar frå ungdomsskular i Surnadal, Sunndal, Rindal og Heim. 
Ungdomen stod i kø framfor dei mest populære standane; som reaksjonstesten til Atlanten vgs., køyretøysimulatorar, og brannvesenet, som hadde med seg ein hund.
-    Eg syns ungdommane var fantastiske, dei virka så interessert i det som vart vist fram i Surnadal, seier rådgivar Meringdal.

Viktig val

Karrieredagane er eit av fleire tiltak fylkeskommunen arrangerer for å hjelpe 10. klassingane til å velje utdanningsretning og yrke. 
Dagane blir arrangert før hospitering i vidaregåande skule, som blir arrangert i veke 46, slik at dei får eit betre grunnlag til å velje kvar dei vil hospitere og bli kjent med skulekvardagen.
I tillegg utarbeider fylkeskommunen informasjonsmateriell som rettleiarar, film som også er retta mot minoritetsspråklege og digitale ressursar.

Også for foreldre

Karrieredagane blir arrangert her: 
• Ytre Nordmøre, 16. september, Kristiansund, Braatthallen
• Romsdal, 10. september, Molde, Akerhallen
• Søre Sunnmøre, 24. september, VCA, Volda Campus 
• Nordre Sunnmøre, 30. september, Sparebanken Møre Arena, Ålesund

På dagtid er messa open for ungdom, på kvelden er foreldre og føresette invitert til å delta.