Kartlegg om heile kulturfrivilligheita skal samlast i ein og same kulturorganisasjon

Møre og Romsdal musikkråd har fått i oppgåve å vurdere om allmennkulturfeltet skal samlast under ein felles paraplyorganisasjon.

Musikkorps marsjerer i gatane i Molde. - Klikk for stort bileteBilde av Molde janitsjar frå 17. mai 2017. Elin Johanson Lyngstad

– Over tid har ein sett at kulturfrivilligheita har vore dårlegare organisert enn for eksempel idrettsfrivilligheita. I idretten har ein godt etablerte idrettskretsar i kvart enkelt fylke, men dette manglar for kulturfrivilligheita» - seier dagleg leiar i Møre og Romsdal musikkråd, Jonas Høgseth.

Prosjektet vart vedteke i kultur-, næring,- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 26. september i fjor. Over tre år skal Møre og Romsdal musikkråd kartlegge om allmennkulturfeltet skal samlast under ein felles paraplyorganisasjon. Eit av måla er å skape betre oversikt, og innsikt i statusen for kulturfrivilligheita. I tillegg ønsker ein at kulturfrivilligheita skal vere ein tydelegare og viktigare aktør regionalt og lokalt.

– Riktig tidspunkt å starte opp

– Utfordringane har vore belyst i fleire år,  og har stått på fylkeskommunen sin agenda gjentatte gongar tidlegare. Samtidig er det no eit nasjonalt initiativ, i regi av ei rekke organisasjonar, rundt regionale kulturkretsar og utarbeiding av mandat til desse. Det er difor heilt riktig tidspunkt å starte opp prosjektet i Møre og Romsdal, og vi er takksame for at Møre og Romsdal musikkråd ønsker å ta på seg denne spennande utfordringa, seier kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Det nasjonale initiativet kjem i etterkant av regjeringa sin kulturfrivilligheitsstrategi «Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi 2023-2025», kor det å støtte opp om regionale initiativ rundt samarbeidsorgan på kulturfeltet er eit av tiltaka ein ønsker å prioritere.

Nasjonal styringsgruppe

Det er etablert ei nasjonal styringsgruppe sett saman av Kulturalliansen, teaterutvalet i Kulturalliansen, Norsk musikkråd, Kulturvernforbundet, Voksenopplæringsforbundet og Møre og Romsdal musikkråd. Vestland fylkeskommune har ein observatør i styringsgruppa.

Partane meiner at dei regionale kulturkretsane vil få størst gjennomslagskraft dersom mandat, oppgåver og organisering er lik over heile landet. Møre og Romsdal er representerte i styringsgruppa gjennom styreleiar i Møre og Romsdal musikkråd, Nils-Gunnar Solli.

– Målet er at prosjektperioden skal gi oss god oversikt over kulturfrivilligheitsfeltet i Møre og Romsdal, og at representantar for kulturfrivilligheta utarbeidar eit forslag til vidare arbeid og drift av ein eventuell regional kulturkrets i 2024, med mål om drift av ny organisasjon i 2026, avsluttar Høgseth.