Kartlegger geologien frå helikopter

Frå torsdag 23. mai og i cirka 10 dagar framover skal Norges geologiske undersøkelse (NGU) utføre geofysiske målingar frå helikopter i Møre og Romsdal.

Helikopter. - Klikk for stort biletePegasus sitt helikopter med målesonden liggjande bak til høgre: Ved å nytte eit slikt måleinstrument får forskarar god oversikt over geologien. NGU

(Artikikelen er ei pressemelding frå Norges geologiske undersøkelse)

Arbeidet vert gjort i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, som ein del av kartlegginga av mineralressursane i fylket. Basen for flygingane er i Molde, og området som vert dekt omfattar delar av kommunane Molde, Hustadvika, Vestnes og Ålesund.

I undersøkinga nyttar NGU ein elektromagnetisk målesonde, som heng under helikopteret. Sonden registrerer elektrisk motstand i bakken og lokale variasjonar i jordas magnetfelt. Dette bidreg i den generelle geologiske kartlegginga.

Samstundes vert det samla inn informasjon om radioaktive element i bakken. Desse undersøkingane kan avdekke moglege cesium-restar etter Tsjernobyl-ulukka i 1986. Naturlege bakgrunnsverdiar kan òg gi ein peikepinn på radonnivået i busetnaden.

Kart som viser undersøkingsområdet. - Klikk for stort bileteDette er undersøkingsområdet for dei geofysiske målingane med helikopter. Figur: NGU NGU

Målingane vert utførte av det innleigde helikopterselskapet Pegasus Helicopter AS frå Gardermoen i samarbeid med NGU. Sjølve målingane går føre seg ved at helikopteret flyg i parallelle liner med ei konstant høgd på 60-75 meter over bakken. Det vert ikkje utført målingar i dårleg vêr, som tåke, regn, snø eller sterk vind.

Dataene vert etter kvart ope tilgjengelege for alle i kartdatabasen på NGUs heimesider.

NGU vil prøve å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Bestemte verneområde eller naturreservat vert ikkje rørte av flygingane. Dersom målingane er uforeinlege med annan aktivitet, ynskjer NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast.

Kontaktpersonar: