Kenni frå Vestnes skal representere Noreg i Nordisk Talefest

Kenni Eyiram Dogbey i sterke tale om rasisme har kvalifisert ho til Nordisk Talefest i København 2026.

Jente i tenåra med blå skjorte og svart hår står oppstil framfor skulen sin.  Det er snø på bakken. - Klikk for stort bileteKenni Eyiram Dogbey skal representere Noreg i Nordisk talefest i København i 2026. Synnøve Margrethe Haga

Til dagleg går Kenni Eyiram Dogbey (17) frå Vestnes andre trinn på helse- og oppvekstfag med studiekompetanse ved Romsdal videregåande skole. Gjennom skolen deltok ho i den lokale finalen av talekonkurransen «Ta ordet» under Bjørnsonfestivalen i september. Der vart ho ein av vinnarane.

Talen hennar er publisert i Romsdal Budstikke. 

Snakkar om rasisme

Då ho skulle skrive talen, visste ho med ein gong at ho ville snakke om rasisme.
– Rasisme er eit større problem enn mange trur. I talen oppfordrar eg alle til å stå imot og seie frå – uansett om det skjer i vennegjengen, på arbeidsplassen eller andre stader, fortel ho.

Det blir lagt stor vekt på formidlingsevne og bodskap under talekonkurransen i Danmark. Fram mot samlinga i mai neste år skal Kenni og dei andre deltakarane vere med på ein workshop og forpliktar seg til å jobbe med både innhaldet i talane og sjølve framføringa.

Ein arena for unge nordiske stemmer

Nordisk Talefest samlar 24 unge talarar frå dei nordiske landa. Dei snakkar om tema dei brenn for i ein festival der demokrati, språk og fellesskap står i sentrum. Målet med festivalen er å løfte unge stemmer og styrke det nordiske fellesskapet gjennom engasjerande og meiningsfulle ytringar. Det er Danske Taler som arrangerer Nordisk Talefest saman med fleire universitet i dei nordiske landa.