Ordførar i Averøy kommune Ingrid Rangønes (Ap), Jan Frode Farstad og Richard Øyre frå Aurstad tunnel AS og Solgunn Langlo frå Møre og Romsdal fylkeskommune
Else Britt Ervik
Prosjektet har vore svært ønska i Averøy kommune. Ein 1.100 meter lang gang- og sykkelveg skal endeleg få bidra til at bebuarar kan bevege seg trygt langs vegen. Ordførar Ingrid Ovidie Rangønes (Ap) var til stades måndag, og fortalde at tiltaka er kjærkomne på den trafikkerte vegstrekninga.
- Det er ein gledens dag å sjå anleggsmaskinene på plass, sa ho.
- Der er mykje turisttrafikk på grunn av nærleiken til Atlanterhavsvegen, og det er viktig for innbyggarane våre med ein trygg gangveg.
Viktige tiltak for mjuke trafikantar
Prosjektet startar med ei eiga gangbru over Bådalselva, ved sida av bilvegen. Denne blir 15 meter lang. Solgunn Langlo er prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, som er byggherre for prosjektet. Ho er glad for å no kunne starte bygginga.
- Vi har vore ferdig med prosjekteringa ei stund, men no kan vi endeleg starte sa ho.
- Saman med entreprenør har vi blitt godt tatt i mot i Bådalen. Dette er eit spanande prosjekt i fine omgjevnader.
Snart blir det lettare å få med seg omgjevnadane til fots og på sykkel. Det blir ein bra gang- og sykkelveg, som er regulert med tre meters breidde fram til Bodalen friskule. Det blir også utbetring av busslommene og utbetring av kryss langs strekninga.
Aurstad tunnel AS er entreprenør på prosjektet som er estimert ferdig seinhausten 2026.
Desse skal leie prosjektet frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektleiar Solgunn Langlo, kontrollingeniør Sondre Ulleland og byggeleiar Knut Roald Ugelstad.
Else Britt Ervik