Klarsignal til å inngå kontrakt med ny entreprenør

Tilbodsfristen for prosjektet Blindheims-Flisnes gjekk ut 18. juni, og Møre og Romsdal fylkeskommune har opna tilboda. Styringsgruppa til Bypakke Ålesund har i dag gitt klarsignal til å inngå kontrakt med ny entreprenør.  

Anleggsområde - Klikk for stort bileteMålet er å starte opp arbeidet tidleg i haust. Eivind Finnes

Når kontrakta er på plass, vil prosjektet komme tilbake i normal drift etter konkursen til Bertelsen & Garpestad i mars. Målet er at anleggarbeidet skal starte opp att tidleg på hausten.

Fleire faktorar påverka totaløkonomien

Styringsgruppa vart orientert om økonomien i prosjektet Blindheim-Flisnes, og dei innkomne tilboda. Det er framleis usikkerheit knytt til prosjektet sin samla økonomiske situasjon etter konkursen til hovudentreprenøren, og det er for tidleg å fastslå kor mykje midlar som trengs for å ferdigstille prosjektet.  

Fylkeskommunen var likevel tydeleg på at det er behov for å auke styringsramma, sjølv om totalsummen førebels er uavklart. Sekretariatet i Bypakke Ålesund har fått i oppdrag å legge fram ei sak om korleis auka kan finansierast til første møte etter sommarferien.

Klarsignal til å gå vidare

Styringsgruppa gav klarsignal til at fylkeskommunen kan halde fram arbeidet med å evaluere tilboda og inngå kontrakt med den entreprenøren som kjem best ut etter ei totalvurdering.

Alle delane av anleggsarbeidet er sett i gang, og det er i utgangspunktet nødvendig å fullføre det arbeidet som er starta på. Styringsgruppa bad likevel Møre og Romsdal fylkeskommune om å gjer ei grundig fagleg vurdering av om det er mogleg å finne moglegheiter for kutt i prosjektet.  

Tidsplan vidare

Planen er å inngå kontrakt i starten av juli, slik at anleggsarbeidet kan starte opp til hausten.  

Prosjektet var opphavleg planlagt ferdig hausten 2026, men er forseinka. Ny framdriftsplan blir lagt fram når kontrakta er signert.